Maca krydderkake

Det er haust, og kulda sniker seg sakte men sikkert på. Dette er tida for å hygge seg litt ekstra i haustmørket. Du har kanskje leita fram favoritt tøflene dine, og pleddet ditt allereie. Kva med å senke skuldrane med ein kopp te og krydderkake med maca?

Maca gir deg energi til å komme deg igjennom den mørke hausten. 
Kanskje kan det til og med gi deg eit lite driv til å komme deg ut på tur, og nyte dei flotte haustfargane? 

Oppskrifta er baka på speltmjøl, og er heilt utan raffinert sukker.
(Obs inneheld allergener som: gluten, egg, mandler og mjølk.)

OPPSKRIFT:
Langpanne 30×40

Til deigen:
150g meierismør
4 egg
280 g kokosblomstsukker
2 dl sukrin gold
1,5 L sikta speltmjøl
(720g)
6 ts bakepulver
6 ts maca
4 ts ceylon kanel
4 ts malt nellik
4 ts malt ingefær
6 dl mjølk
3 dl mandler (valfritt)

Glasur:
400g philadelphiaost
1 lime
4 ss vaniljesukker
Tips: Hakk opp mørk sjokolade til topping

Slik gjer du:
1. skru på ovnen på 200 grader.
2. smelt smør
3. finn fram ein bakebolle og visp forsiktig egg med ein gaffel. Rør deretter inn sukker, smør, og resten av ingrediensane.
Røra får ein gyllen og nydeleg farge med ein fantastisk duft av jul. Hakk gjerne opp mandler og vend inn i røra.
4. Steik heilt nederst i ovnen i ca 30 minutt.

Visp saman alle ingrediensane til glasur.
(vent til kaka har blitt nedkjølt før du smører på glasur.)
Topp gjerne med hakka mørk sjokolade. mmmm. Macalisious!

 

Men kva i alle dagar er Maca? Og kvifor har eg putta det i denne kaka? 🙂 

Maca er ei supermat-rotgrønnsak som veks heile 4500 moh i Andesfjella i Peru. Der har dei nytta Maca i over 2000 år til både menneske og dyr.
Maca er høgt skatta på grunn av det høge næringsinnhaldet, til og med så verdsett at Inka-Indianarane åt det før kamp.

MACA KAN:
– Styrke immunforsvaret
– Hjelpe hudhelsa! Fleire som slit med kviser og ureinheiter opplev betre og finare hud når dei nyttar Maca i kosthaldet. 
– Auke libido hjå menn og kvinner
– Gi meir uthaldenheit
– Balansere hormonar
– Redusere stress
– Stimulere fertiliteten 

Les meir om kvifor eg elskar maca her

J.M

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *