Granola med eple og kanel. (glutenfri)

Brrr. No er hausten her! Kva med å  kose deg med ein varm kopp te saman med denne heimelaga granolaen som har ein fantastisk smak av eplekake? Nam! 🙂 Granola er godt å nytte saman med din favoritt yoghurt, mjølk, snacks, toppig på smoothies, i energikuler, osv. 

Oppskrifta er glutenfri, vegansk og er heilt utan kvitt sukker.  


Oppskrift til ca3 steikebrett:

Eg fekk augene mine opp for den danske økologiske matserien urtekram for litt sidan, og fant alt eg trengte på helsekosten for å vere kreativ til å lage denne granolaen.  Eg likar å lage store porsjonar med granola når eg først er i sving. Denne blandinga held seg lenge i eit lufttett glass eller i ei kakeboks.

400g Urtekram hirseflak
100g Urtekram pecannøtter
100g Urtekram pistasjnøtter
150g Urtekram valnøtter
125g Urtekram epleterninger
100g Urtekram kokosblomstsukker
2 ts Urtekram ekte kanel
100g Kokosolje extra virgin
1 klype himalayasalt

Slik gjer du: 
1. Forvarm ovnen på 200 grader. (150 grader om du bruker varmluft)

2. Leit fram to bakeboller, kniv, skjærebrett og eit steikebrett eller to kledd med bakepapir.

3. I bakebolle nr 1: Hakk opp alle nøttene, og bland saman med hirseflak.

4. I bakebolle nr 2: Varm opp kokosolje i eit vannbad slik den blir flytande og enkel å dosere. Bland kokosolje saman kokosblomstsukker, himalayasalt, og kanel. Dette blir på ein måte “marinade” som setter den gode smaken i granolaen.

5. Bland saman bakebolle nr 1 og 2. 

6. Fordel utover steikebrett, og steik midt i ovnen på ca 200 grader i 10 min./ 150 grader på varmluft i ca 10 min til det har fått en gyllen farge. Her må du følge grundig med og røre rundt slik det ikkje blir svidd. Alle ovner er forskjellige. 

7. Viktig: Avkjøl blandingen. Bland urtekram eplebiter saman med den avkjølte blandinga heilt til slutt. 

Nyt! 

Nyt gjerne saman med din favoritt-te. 
Eg er stor fan av Yogi-tea. Dette på grunn av den gode smaken, og dei søte ordtaka i teposen.  Akkurat no får du 4 for 3 på alle Yogi Tea hjå Sunkost Volda.

Ha ein varm og god haust.

J.M

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *