Er du fysen på ei skikkelig saftig sjokoladekake som smeltar på tunga?!
Då må du prøve den her! Sjokoladekaka dekker absolutt alle behov
som måtte melde seg, og den er inspirert av ei klassisk
barnebursdagskake eg hugsar Unni, vennina
til mora mi laga i barndommen.
Eg har dikta om oppskrifta litt og baka den på
norsk økologisk speltmjøl frå landets aller
siste bygdemølle, Mylnå i Volda.
Fleire opplev at dei toler urkornet spelt betre
for magen enn kveitemjøl.
Ei av dei hemmelige ingrediensane til den
nydelege sjokoladesmaken er “Janne’s superkakao”
som inneheld norsk økologisk chaga
hausta frå eigen gard i Ørsta.
Til ei stor langpanne treng du:
4 gardsegg
6 dl Helios rårørsukker
8 dl Sikta spelt i frå Mylnå
4 ts vaniljesukker
4 ts bakepulver
5 ss Janne’s superkakao
3 dl mjølk.
300g smelta meierismør.
Slik gjer du:
1. Start med å lage eggedosis.
2. Bland saman dei andre ingrediensane
litt etter litt til du får ei fin og krema røre.
3. Sett kaka på nest nederste rille i ovnen på
225 grader i ca 20 min.
4. Lag glasur og smør på kaka når den
er romtemperert.
Glasur:
400g melis
4 ts vaniljesukker
4 ss Jannes superkakao
5 ss romtemperert meierismør
5 ss nytrekt kaffi
Du får kjøpt ingrediensane hjå Sunkost Volda.
Ta kontakt om du vil at vi skal sende varer i posten.
J.M