Har du lyst til å fylle heimen med ein aroma av jul?
Kva med å lage nellik-appelsinkalendar? 🙂
Ingrediensane er lette å skaffe, og det tek lita tid. Dette er ein gamal tradisjon ein kan gjere saman med borna eller med vener på ein juleverkstad i eiga stove. Det seiast at tradisjonen “nellik-appelsin”
har opphav heilt i frå 1500-talet.
Dette treng du:
1 appelsin
1 pakke kryddernellik
1 raudt pynteband
Skal du bruke den som ein julekalendar stikker du 24 nellikspikar i appelsinen i eit valfritt mønster.
Her er det berre å sleppe laus kreativiteten.
I følge tradisjonen trekker du ut ein spikar kvar dag fram mot juleaftan.
Du kan og henge opp nellikappelsinen som pynt i vindauget, eller legge fram som pynt på lysfatet.
Uansett kva bruk luktar det fantastisk godt, og gir alle i huset julestemning.
Visste du at nellik kjem av ordet Nägelein som tyder spikar på tysk?
Det er kanskje ikkje så rart pga utsjånaden til nelliken.
Du får tak i økologisk heil nellik hjå Sunkost Volda.
J.M