Styrk immunforsvaret ditt med denne gode suppa! 🙂
Eg utvikla denne oppskrifta i fjor under forkjølelsesesongen, og lanserte i same slengen mitt eige urtesalt med antiseptiske eigenskapar.
Til 4-5 personar treng du:
– 200g tørre grøne du puy linser
– 400g frosne grøne erter
– 4-5 sjalottlauk
– 2 ss meierismør
– 2 stenger stangselleri
– 2 stenger vårlauk
– 1 neve fersk spinat
– 4 dl kokosmjølk
– 8 dl vatn
– 3 ts Janne’s urtesalt
– litt pepar
Slik gjer du:
1. Start med å skylle linsene godt i vatn. (Tørre linser treng ca 25 min koketid.) Vil du korte ned koketida kan du bløtlegge linsene i god tid før.
2. Fres løk, vårlauk, stangselleri, og Janne’s urtesalt saman med meierismør til det blir gyllent.
3. Tilsett linser, kokosmjølk og vatn. Kok opp.
4. Hell deretter oppi dei frosne ertene.
5. Når alt er kokt opp tilset du ein neve med spinat på slutten.
6. Mos alt saman med ein stavmiksar.
7. Smak til med Janne’s urtesalt og pepar.
Til topping:
– 0,5 dl Graskarkjerner
– 0,5 dl Solsikkekjerner
– 0,5 dl hempfrø
– 1-2 ts Janne’s urtesalt
Janne’s Urtesalt:
Eg har produsert mitt eige urtesalt, og lånt ei av sauene sine hemmeligheiter: økologiske skåt og blad i frå selje!
Faren min har observert at sauene er galne etter selje, og har hatt eit seljeprosjekt i over 10-15 år.
Du kan sjå og lære meir om det her
Slik lagar du toppinga:
Fres alt saman unntatt hempfrø i ei tørr panne til dei får ein gyllen farge.
Tilsett deretter hempfrø når blandinga er kald.
Hell blandinga over i ei glasskrukke.
Denne miksen er utruleg god som topping på suppe, salat og gryter osv.
Til slutt:
– Topp suppa med ei skjei creme fraiche, og litt fersk lime.