Sommaren er ikkje over enda heldigvis!
Kva med å nyte ein #superis på verandaen? Det har eg gjort i dag.
Super-is er enkelt og rask å lage smakar like godt som ein vanleg smoothie, og inneheld næringsrik supermat i frå Supernature. Super-is er også ein perfekt måte få heile familien samt borna til å setje pris på supermat!
Nå kan du også være med i trekninga av 1 års forbruk av supermat frå Supernature!
Eit tips til å lage #superis er å bruke restar etter ein supersmoothie.
Alt du treng om å gjer er å fylle opp nokre isformar og putte rett inn i frysaren. Då har du alltid noko godt på lur. Oppskrift på “Spirulina Super-is” finn du under bildet.
Oppskrift Spirulina-is (6 små)
1 økologisk moden banan
2 dl økologisk mandelmelk
1 ts Supernature Spirulina pulver
1 ts Supernature Soya lecithin
Om du vil kan du søte isen litt ekstra med Stevia-Sweetleaf
Ha alle ingrediensane i ein blender og kjør maskina til ein fin konsistens. Hell så massen i isformane og sett i frysaren.
Sjokoladetrekk
Ta opp den fryste isen og dypp i hærleg mørk sjokolade!
Eg har laga min sjølv då eg foretrekk sukkerfri og vegansk sjokolade, men du kan fint smelte favoritt sjokoladen din i eit vannbad.
Dypp dei fryste ispinnane med tuppen ned i den smelta sjokoladen og strø over Supernature Supersnack + litt økologiske gresskarkjerner og voila! Du har laga ein knallgod #superis
Super-is er både enkelt og kjekt å lage! Slepp fantasien laus og lag dine eigne variantar av supermat-is.
10 gode grunnar til å ete super-is:
– Påfyll av sunne næringsstoff
– Passar til heile familien
– Gøy å lage
– Nytast med god samvittigheit
– 100% Vegansk
– Perfekt før og etter trening då den er proteinrik pga Spirulina
– Godt for hjerna og konsentrasjonen pga Lecithin.
– Gir super energi
– Eit sunnare alternativ til fløyte-is
– Sukkerfri
Dei såg utrulig gode ut! Takk for oppskrifta!