Boom! shaka laca maca peanuuuut!

Er du fysen på litt smakfull energi?! 😀
Då bør du prøve desse veganske og sukkerfrie godbitane med nydeleg smak av søt sjokolade, maca, og salt peanøtt!

Eg kjenner eg er heilt gira av å dele denne oppskrifta! Den inneheld maca, som blir kalt bl.a. peruansk ginseng. Maca er eit adaptogen, som auker kroppens evne til å tilpasse seg stress. Er du stressa eller har humøret på botn blir du kanskje fysen på noko søtt? Desse kan du nyte med verdens beste samvittigheit. Maca er høgt skatta på grunn av det høge næringsinnhaldet, til og med så verdsett at Inka-Indianarane åt det før kamp.

Desse maca-terningane er perfekte å ete som
snacks på jobben eller kanskje som eit lite energikick  før trening? Dei er og flotte å servere gjester som har diverse allergier eller er på diett.  Dei er veldig lette å lage – difor lagde eg ekstra stor oppskrift.
(Eg bruker å fryse ned. Så har eg alltid noko godt i hus)

Oppskrifta er vegansk, sukkerfri og glutenfri.

Ingredienser:

2 dl Fibersirup clear
5 ss Sukrin Gold
4 ss Maca
5 dl Peanøttmel
1,5 dl salte peanøtter + litt ekstra til topping
3 ss MCT olje
300g Cavalier sjokolade

 

Slik gjer du:

Finn fram ei bakebolle og tilsett peanøttmel, maca, og grovhakka peanøtter.

Smelt fibersirup og sukrin gold i ei kjele til det bobler, og bland inn med det tørre. Dette blir ein knudrette og ganske tørr deig – nesten som smuldrepai. Tilsett litt MCT-olje slik det blir lettare å forme til kuler eller terninger.
Tips: Form terningane medan deigen er varm. Er det vanskeleg kan du smøre hendene med litt MCT.

Sett dei på eit brett og frys i 10 minutt.

Smelt deretter heile pakken med sjokolade i vannbad.

Ta opp dei kalde bitane og dypp i nydeleg sukkerfri sjokolade.
Når dei er kalde festar sjokoladen seg mykje lettare, og det blir mindre gris på kjøkkenet. Sett dei ferdi dyppa bitane gjerne på ei rist slik dei får rent av seg overflødig sjokolade, og topp dei med salte peanøtter eller kakaonibs som pynt. Avslutt med å fryse ned igjen.

Oppbevar gjerne i ei boks i enten kjøleskap eller frys.

MACA KAN:
– Styrke immunforsvaret
– Hjelpe hudhelsa! Fleire som slit med kviser og ureinheiter opplev betre og finare hud når dei nyttar Maca i kosthaldet. 
– Auke libido hjå menn og kvinner
– Gi meir uthaldenheit
– Balansere hormonar
– Redusere stress
– Stimulere fertiliteten 

Eg er veldig fan av maca og har allereie fleire oppskrifter på bloggen:
Kakao med maca her
Graut med maca her 
Informasjon om maca her


Håper du liker oppskrifta og at du får mykje positiv energi i kvardagen! 🙂 
Du får kjøpt alle ingrediensene hjå Sunkost Volda. 
Ta turen innom “Maca weekend” for smaksprøver på desse og macao m.m 

J.M 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *