Ma-cha-cha-cookies!
Den “grønne trenden” alle snakker om no er matcha-te.
Supernature feirer supermatens dager 2017, og då har eg valt å lage denne veganske og glutenfrie oppskrifta på matcha cookies! 🙂
Matcha-te er ein eldgammal tradisjon som har historie heilt tilbake til det niande århundre. Det heile starta med at Zen-buddhisten Eisai brakte den hemmelege teen ifrå Kina til sin heim i Japan. Han planta matcha i bakken rundt tempelet i Kyoto. Meditasjon spelar ei stor rolle i seremonien som også er kalla “the way of tea” der reinleik, respekt og harmoni er i fokus.
På japansk tyder “cha” te, og “ma” betyr pulver.
Matcha er ei pulverisert form for grøn te. Når ein drikk matcha te drikk ein heile tebladet. Den tradisjonelle måten å tilberede matcha på er å koke vatn og deretter vispe matchapulveret med ein bambusvisp. På den måten løyser teblad seg opp i vatn og ein får i seg dei viktige næringstoffa.
Les meir om mathca-te her i min tidlegare post!
Du treng:
2 ss chiafrø bløytlagt i 3 dl vatn (ca 10 min )
6 dl cocosamel
4 dl sukker
1 klype supernature himalayasalt
2 dl kokosmasse
1 ss Supernature Matcha-te
1 boks kokosmelk (400ml)
1 ts bakepulver
4 ss Cocosa extra virgin
6 ss Fibersirup clear
Slik gjer du:
Steik midt i ovnen på 200 grader i ca 20 minutt til kjeksa blir gylne.
Deigen blir litt knudrete å jobbe med. Men du triller berre kjeksa til kuler på eit steikebrett og trykk dei flate til ønska størrelse.
Obs: kjeksa knekk litt lettare enn andre kjeks då desse er heilt fri for gluten.
Du kan velge sjølv om du liker dei mjuke med å ha litt tjukkare kjeks, eller lage dei tynne og steike dei litt ekstra.
Du kan være skikkelig kreativ og lage dine egne varianter. Tilsett gjerne nøtter, gojibær, beepollen, kakaonibs, sjokolade i kjeksa.
Har du lyst til å smake?
Ta turen innom Sunkost Volda på torsdag 27.april kl 19-21 for smaksprøver!