Pannekaker med Norsk Quinoa!

Pannekaker til frukost, middag eller dessert? Dei kjem i alle verdas variantar! Norske tradisjonelle pannekaker steikast ganske så tynne, og blir som regel servert til middag med diverse tilbehør som sylte og sukker, ertestuing eller bacon. Amerikanske pannekaker er ein tjukkare og søtare variant som ofte blir servert til frukost med lønnesirup. 


Les du vidare får du ei spananade oppskrift på tjukke amerikanske pannekaker med norsk quinoa og spelt!

Denne oppskrifta er fin å lage for dei som likar eit sunnare alternativ.  Quinoa er eit lite frø som inneheld mykje vitaminar og mineralar. Visste du at frøet til og med er ei komplett proteinkjelde? Quinoa inneheld alle dei 9 essensielle aminosyrene!
Er du ein av dei som ikkje tåler så godt vanlige pannekaker? (som får mageknip)

Då kan denne oppskrifta noko for deg! Oppskrifta inneheld verken raffinert mjøl, sukker, mjølk eller egg. Oppskrifta er vegansk, og inneheld lite gluten.


Eg lagar alltid pannekaker med kvalitetsmjøl. Eg har dei siste åra brukt urkorn som sikta spelt i frå Mylnå i Volda. Denne gamle og sjeldne mølla lagar mjøl på steinkverner i frå 1930-talet. Slike steinar er umogleg å framskaffe i dag, då ingen kan kunsten å lage dei lenger. Med dette unike utstyret klarer dei å lage mjøl malt med heile skalet på i motsetning til andre nymoderne møller. Mylnå i Volda tek vare på gamle tradisjonar då den er den einaste mølla som står igjen i Norge som framleis lagar mjøl på gamle viset!

Akkurat no har Mylnå fått tak i norsk quinoa! Kor kult er ikkje det? 
Det er faktisk ein sunnmøring, Jardar Røhr-Godø, som har dyrka det sør-amerikanske superfrøet her i landet. Mylnå har malt dette frøet på dei gamle steinkvernene og laga quinoamjøl i fleire spanande variantar. 
Eg har nytta steinmalt fin quinoa og sikta spelt i denne oppskrifta.


Du treng:

– 9 dl sikta spelt frå Mylnå
– 1 dl steinmalt fin quinoa frå Mylnå
– 4 toppa ss smør
(Eg brukte Berit Nordstrand smør)
– 2 toppa ss maisstivelse
 (I staden for egg)
– 2 toppa ss bakepulver 
– 1 ts himalayasalt
– 1 dl Cocosasukker
(I staden for kvitt raffinert sukker)
– 1/2 ts ceylonkanel
– 1/2 ts kardemomme
– 5 dl havremjølk
(Du kan bruke vanlig mjølk om du vil det)
– 3 dl vatn

– Cocosa kokosblomstsirup 
(til topping, i staden for lønnesirup!)

Slik gjer du: 

Sikt alle dei tørre ingrediensane i ein bakebolle. 

Smelt smøret, og sett til sides. (Det må ikkje vere alt for varmt) 

Bland i resten av det våte. 

Bland saman alle ingrediensane til du har fått ei fin røre. 

Lat røra kvile i kjøleskapet i 15-30 minutt før steiking. 

Tips til steiking: 
Amerikanske pannekaker skal vere litt tjukke. Tips: hell røra sakte i panna, og ikkje ha for sterk varme på komfyren. Ha god tolmodigheit slik at pannekaka blir gjennomsteikt og rekk å heve litt i panna.  Dei skal ikkje bli brent utanpå og rå inni, hehe.. Øving gjer meister! 


Topping:

Nam! Dette er den beste sirupen eg nokon gong har smakt!
Cocosa-serien har vert mine favorittar i fleire år, og no har dei lansert eit nytt produkt: Cocosa kokosblomstsirup! 
Dette er ein sirup som er snildare mot blodsukkeret, og som gir meir næring enn vanleg sirup. Den har ein nydeleg karamell-aktig smak. Mmmm. 
Tips: Bruk den på havregryn, til søtning i smoothies m.m 


Eg har kjøpt alle dei nye quinoa-produkta, og har laga til fine glaskrukker på kjøkkenet mitt.  Eg skal fortsette å eksrpimentere med quinoa, så her kjem det nok fleire oppskrifter etter kvart! 
Mylnå har laga både heil, steinmalt fin, steinmalt grov og valsa quinoaflak. 


Vil du lese meir om sunnmøringen som har dyrka quinoa?
Dette innlegget er ikkje sponset, men her er ein link for dei som vil vite meir om prosjektet: http://www.norskquinoa.no 

Vil du vite meir om den gamle mølla i Volda? 
Sjekk ut Facebook-sida deira og følg dei i kvardagen på Instagram 
Då kan du sjekke ut heimesida her:  http://www.mylna.no  

Under her ser du korleis posane ser ut i butikk:


Du får kjøpt 0,5 kg posar med norsk quinoa og resten
av ingrediensane  hjå Sunkost Volda.  

J.M

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *