Supermatens dager 2017 – Oppskrift på nøttekuler!

Mmm ye! 
Det er tid for å feire Supernature sine fantastiske supermat dager! 🙂
Med dette kickstarter eg feiringa med å dele oppskrift på mine nøttekuler.
Feiringa varer heile helga over heile landets helsekostbutikkar.
Har du lyst til å lære meir om supermat? Då bør du stikke innom din lokale helsekost og lære korleis du kan nytte supermat i kvardagen.

Kanskje er det på tide med ein detox? Supermat kan både styrke og rense kroppen! Er du oppteken av hudhelse? 
Gojibær kan minne litt om rosiner berre at gojibær går under kategorien supermat. Dette er på grunn av sitt høge innhald av næringstoff. Fleire elskar smaken! Dei raude juvelane er populære hos både born og vaksne.

Gojibær gir deg ein gyllen og vakker hud! Perfekt som snacks no mot sommartidene. Bæra inneheld blant anna betakaroten, vitamin A, Vitamin C og protein!

I tillegg til å gjere det lille ekstra for hudhelsa er gojibær gunstig for helsa generelt.Det lille raude bæret styrker immunforsvaret, er godt for synet og er ein gunstig proteinkilde for veganerar. Visste du at gojibær blir brukt i kinesisk medisin?  Her kan du sjekke forskning på gojibær :
http://sunn-og-god-supermat.webnode.com/forskning-pa-goji-baer/

 

Har du lyst til å ete litt sunnare i kvardagen? Prøv desse energikulene!
Dei er enkle å lage, og det beste av alt er at det tek lita tid.
Ta med deg nokre energikuler på jobb neste gong, eller server til kaffigjestane dine.

Oppskrifta mi får du under bilete

Du treng:

1 dl økologisk kokosmasse

150g Helios mandler

2 dl Mylnå platetørka havregryn

2 ss Cocosa extra virgin
10 stk Helios dadler u/stein (bløytlagt)

Ei klype Supernature himalayasalt

4 ss Fibersirup clear

1/2 dl Supernature gojibær

Slik gjer du:
Legg dadler i vatn. Lat trekke i 10 min.
Finn fram food prosessoren din og kjør mandlane til dei er passe knust.
Bland saman resten av ingrediensane, og tilsett gojibær heilt til slutt.

Trill til kuler – og sett i kjøleskap!
Du kan sjølvsagt fryse ned og ta opp etter behov.

Har du lyst til å smake før du slår deg rundt å lager?
Ta turen innom Sunkost Volda torsdag frå kl 19-21 for smaksprøver, og gode tilbod på supermat!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *