Påska er rett rundt hjørnet, og det er tid for kos og hygge.
Kanskje skal du på hyttetur og krype under teppet med ei god krimbok?
Du leiter kanskje etter godsaker i butikken til å fylle opp tursekken med?
Kva med å imponere deg og dine med denne heimelaga oppskrifta på litt sunnare påskesnop? 🙂
Denne oppskrifta er både glutenfri, sukkerfri*, mjølkefri, soyafri, og vegansk.
Eg lager alltid stooore porsjoner når eg lager sjokolade slik at eg kan fryse ned eller oppbevare dei i kjøleskap. Då har eg alltid litt sunnare snop lett tilgjengeleg.
(Oppskrift til ca 5 brett med sjokolade)
Du treng:
Sjokoladen:
230g med Kakaomasse
115g med Kakaosmør
50g med Yaconsirup
1 liten dert med vaniljestevia eller vaniljeessens
Peanøttfyllet:
130g Peanøttmel
30g Sunkost melis
30g Sunkost sweet stevia
1 ss Tahini eller peanøttsmør
Kokosmelk (kun den kvite kremen på toppen av boksen)
100g salte peanøtter (eller usalet + ca 1 ts salt)
30g strøssel (dette inneheld sukker og er valgfritt å ta med. Siden det er påske elskar eg å eksprimentere med lekkre farger! Dropper du dette blir oppskrifta heilt utan vanleg sukker)
Slik gjer du:
Leit fram kjøkkenvekt, pensel og food processor.
Mål opp ingrediensane til å lage sjokolade.
Smelt saman kakaomasse og kakaosmør på lav varme anten i kasserolle eller i varmebad. Rør inn søtning og sett til side.
Leit fram sjokoladeformer (eg brukte påskeeggform sidan det er påske, men bruk det du har. Kanskje har du nokre isbitformer i silikon du kan bruke)
Start med å pensle eit tynt lag med sjokolade i formen, og sett dei i kjøleskap. Dette blir sjokoladelaget rundt fyllet. Repiter om nødvendig.
For å lage peanøttfyllet:
Miks peanøttmel, sukkeralternativ, tahini, kokoskrem, og peanøtter i ein food processor. Dytt ned sidene med ein slikkepott.
Tilsett til slutt strøssel og rør inn for hand med slikkepott.
Ynskjer du store biter med peanøtter tilsetter du nokre heilt til slutt.
Ta ut sjokoladeformene av kjøleskapet, og tilsett peanøttfyll i midten av forma.
Ikkje dekk heile forma, for her skal du til slutt fylle resten av sjokoladen over for å dekke fyllet.
Lat dei stå i kjøleskap til dei er stivna.
Då er dei klar til servering!
Oppbevar i kjøleskap eller i fryseren.
God påske!
<3
Ps: Er du i Volda anbefaler eg deg å ta turen innom Sunkost Volda for tips og triks til korleis du kan lage sjokolade sjølv.
Eller ta turen innom din lokale Sunkostbutikk! 🙂