Matcha-te er ein eldgammal tradisjon som har historie heilt tilbake til det niande århundre. Det heile starta med at Zen-buddhisten Eisai brakte den hemmelege teen ifrå Kina til sin heim i Japan. Han planta matcha i bakken rundt tempelet i Kyoto. Meditasjon spelar ei stor rolle i seremonien som også er kalla “the way of tea” der reinleik, respekt og harmoni er i fokus.
Eisai var mannen som introduserte og utvikla Zen-filosofien. Matcha er i dag ein viktig del for meditatører over heile verda. Dette på grunn av at matcha har ein spesielt god evne til å gi sinnet ro.
På japansk tyder “cha” te, og “ma” betyr pulver.
Matcha er ei pulverisert form for grøn te. Når ein drikk matcha te drikk ein heile tebladet. Den tradisjonelle måten å tilberede matcha på er å koke vatn og deretter vispe matchapulveret med ein bambusvisp. På den måten løyser teblad seg opp i vatn og ein får i seg dei viktige næringstoffa.
Det som er så spesielt med matcha teplantasjane er at teen dekkjast til med mørke presenningar 4 veker før innhausting. Med denne metoden får tebuskane 90 % mindre sollys. På den måten dannar tebuskene ekstra mykje klorofyll som gir den intense grønfargen.
Matcha smakar veldig godt! Er den av høg kvalitet har den ein rund og søt ettersmak. Ein kan kjenne stor forskjell på ein billig og dyr matcha etter kvart som ein har testa ut litt forskjellige variantar.
Eg har drukke matcha i fleire år og må seie at Supernature sin matcha smakar heilt fantastisk! Dette er kvalitet i kvar ein dråpe.
Forskjellen på billig og dyr matcha er at dei dyraste variantane kjem ifrå toppen av planta der dei yngste blada sit. Dei billigaste variantane kjem ifrå den nedre delen av planta der dei eldste blada gror.
Dosering:
Ta 1/4 teskje (1 gram) i ein kopp, hell over 150 ml varmt vatn (80 grader) og visp godt i 20 sekundar.
1 boks Supernature Matcha Premium Green tea powder koster 249,-
Fordi matcha er ei konsentrert form for grøn te er det berre behov for små dosar ved konsumering. 30 g er derfor normalt nok til 1 måneds forbruk.
Du får kjøpt denne helsedrikken hjå Sunkost Volda og på Soma.no
1o helsefordelar med å drikke matcha :
1. Stor mengd av antioksidanter
Det er sagt at berre ein kopp med matcha svarar til antioksidantinnhaldet av heile 10 koppar med vanleg grøn te!
2. Inneheld EGCG
Grøn te inneheld katekiner ( EGCG ) som utgjer 60 % av katekiner i matcha grøn te. Forskarar har funne ut at matcha te inneheld over 100 gonger meir EGCG enn anna te på markedet.
3. Gir ro i sinnet.
Japanske Zen-buddhistiske munkar har brukt matcha som eit middel til å slappe av og meditere. Vi trur at aminosyren L- Theanine som finnes i matcha er grunnen til dette . L – Theanine fremjar produksjon av alfabølger i hjernen som induserer avslapping.
4. Gir betre hukommelse og konsentrasjon
Den andre sideeffekta av L- Theanine er produksjonen av dopamin og serotonin. Desse to kjemikaliane er kjende for å gi betre humør samt forbetre hukommelsen, og fremje betre konsentrasjon.
5. Gir meir energi og uthald
Det er sagt at Samurai-krigarane drakk matcha før dei gjekk ut i kamp på grunn av den energigivande eigenskapen.
Vanleg grøn te inneheld naturleg koffein, medan matcha har ein unik kombinasjon av koffein og andre næringstoff. Drikk ein matcha gir det deg ein rein og god energi utan dei vanlege biverknadane koffein gir som blant anna nervøsitet og hyperaktivitet.
6. Set fart på forbrenninga
Matcha te har også vist seg å auke stoffskiftet og å forbrenne feitt omtrent fire gonger raskare enn gjennomsnittet utan negative bivirkningar som økt puls og høgt blodtrykk.
7. Reinsar kroppen
På grunn av det høge nivået av klorofyll i matcha gir ikkje dette kun den vakre grøne fargen, men også ein kraftig detox som er med på å fjerne tungmetall og kjemiske giftstoff ifrå kroppen på ein naturleg måte.
8. Styrkar immunforsvaret
Katekiner i matcha har vist seg å ha antibiotiske eigenskapar som er godt for helsa. Ein kopp matcha te inneheld større mengder kalium, vitamin A & C,jern,protein og kalsium.
9. Godt for kolesterolet
Forskarane er ikkje heilt sikre på korleis matcha har ein slik positiv effekt på kolesterolet, men studiar av ulike populasjonar viser at folk som drikk matcha kvar dag har lavare nivå av LDL (dårleg) kolesterol, samstundes som ein viser høgare nivå av HDL (bra) kolesterol. Menn som drikk matcha har ca. 11% mindre sannsyn for å utvikle hjartesjuksom enn dei som ikkje drikk matcha.
10. Fantastisk smak!
I motsetnad til mange andre tear som krev sukker, mjølk eller sitron for å gjere dei smakfulle, er matcha heilt fantastisk i seg sjølv. Matcha er ein te som er heilt unik på alle måter. Denne drikken kan du slappe av med og nyte både kald og varm.
Visste du at fleire og fleire bruker matcha i baksten sin? Til og med fantastiske oppskrifter med matcha bugnar på nettet akkurat no!
kjelder:
http://www.naturallivingideas.com/10-amazing-benefits-of-matcha-green-tea/
https://www.zenmatchatea.com/the-history-of-matcha-tea/
https://soma.no/guider/matcha/