Vil du styrke kroppen i sommar? Kva med å starte dagen med kjøleskapsgraut laga med økologisk havregryn og chiafrø? 🙂
Gjer som Aztekarane og styrk kroppen med dei supernæringsrike chiafrøa i frå Navitas. Chia betyr “styrke” og Navitas betyr “energi” på latinsk.
Chiafrø inneheld veldig mykje næring som bl.a. sunne feittsyrer som omega 3, protein, antioksidanter, kalsium,jarn, magnesium, sink, fosfat, og fiber. Dette er perfekte byggeklosser å starte dagen med.
Ifølge American Society for Nutrition, er dei gunstige for kroppen av følgande grunner:
- Dei inneheld meir kalium enn banan
- Chiafrø inneheld meir protein enn grønnsaker.
- Disse frøa har dobbelt så mykje fiber som havre.
- Dei har tre ganger så mykje jarn som linser og spinat.
- Dei har også tre ganger så mykje antioksidanter som tranebær.
- Chiafrø gir fem ganger så mykje kalsium som melk.
Les meir om kor eg henta informasjonen om helsefordelane her:
(kjelde: https://veientilhelse.no/8-overraskende-fordeler-chiafro/)
Eg brukar alltid å lage meg ein litt større porsjon. Då kan eg ete når det passar meg ut over dagen.
Oppskrift til 1 stor porsjon:
2 dl havregryn i frå Mylnå
3 dl havremjølk (valfri mjølk)
2 ss Navitas chiafrø
2 ts skogshonning
1/2 ts ceylonkanel
1/2 ts kardemomme
Toppingtips:
Her er det berre kreativiteten som setter grenser.
Eg bruker som regel alltid å strø over Navitas gojibær, kakaonibs, og hempfrø.
Prøv deg gjerne fram med ulike nøtter og frø eller friske bær.
Slik gjer du:
Finn fram eit norgesglass eller ei skål og tilsett havregryn,chiafrø, honning, og mjølk. Rør godt og sett på lokk eller dekk skåla med beeswaxfolie (genialt alternativ til plast) Sett blandinga i kjøleskapet over natta.
Ta ut grauten dagen etter, rør godt og tilsett valfri topping og nyt.
Server gjerne chiagrauten i desse kule kokosnøttskålene! 🙂
Dei finner du på Sunkost Volda. Pris 89,- Bor du ikkje her? Ta kontakt så sender eg gjerne i posten til deg.
J.M