Müsli med svarthavregryn og supermat

Har du nokon gong smakt Müsli med svarthavregryn og supermat?

svarthavregryn2
Svarthavren er urhavren dyrka her til lands før den kvite og gule havren tok over. Svarthavre har meir skal og mindre kjerne enn nyare havresortar og har derfor att litt svarte skalrestar i havregryna. Skalet er veldig næringsrikt, gir god smak og gjer godt for fordøyelsen.


På bildet: Svarthavregryn i frå Mylnå
Foreløpig kun til sal hjå Sunkost Volda.

 

Supermat er matplanter proppa av gode næringstoff. I denne oppskrifta har eg blant anna tatt i bruk mine favorittar: Gojibær, hempfrø, og chiafrø.
Supermat er alt i frå planter, alger, til nøtter og bær i frå heile verda. Ved å tilsetje supermat i kvardagskosten gjer du maten enda sunnare på ein enkel måte. Kva med å prøve denne oppskrifta?

Svarthavremusli2

Oppskrift til ca 3 steikebrett:

Du treng:

6 dl Svarthavregryn i frå Mylnå
2 dl Økologiske solsikkefrø
2 dl Økologiske linfrø
4 dl Økologiske Valnøtter
3 dl Økologisk Kokosmasse
2 dl Navitas Cashewnøtter
2 dl Navitas Hampfrø
2 dl Navitas Chiafrø
2 dl Navitas Gojibær
4-5 ss Navitas Kokosblomstsukker
2 ts Himalayasalt
2 ts Vaniljepulver
2 ts Ceylon-kanel
1 dl Cocosa Extra Virgin
1 dl Vatn

Denne oppskrifta er heilt utan raffinert sukker. Eg brukar alltid kokosblomstsukker i staden for vanleg kvitt sukker då det smakar like søtt, men har lav glykemisk indeks og inneheld sunne mineraler. 
Oppskrifta er også vegansk då den ikkje er tilsatt honning.

svarthavremusli3

Slik gjer du:

Set på ovnen på 150 grader og finn fram tre bakeboller.

Bakebolle nr 1:
Smelt Cocosa i eit lite varmebad til den blir flytande. Hell så over cocosa i ein bolle og tilsett den gode krydderblandinga av: Ceylonkanel, kokosblomstsukker, salt, og vaniljepulver.

Bakebolle nr 2:
Chiafrø og gojibær skal ikkje varmast i ovnen då eg vil bevare mest mulig av smaken og næringa. Sett dei i eigen bolle, og tilsett resten av blandinga heilt til slutt.

Bakebolle nr 3:
Hakk opp nøttene, og bland saman svarthavregryn,
solsikkerø, linfrø, hempfrø, og kokosmasse. Tilsett 1 dl varmt vatn og rør godt. Tilsett så bakebolle nr 1 med cocosa og kryddermiksen.

Fordel miksen på eit steikebrett med bakepapir og sett i ovnen på 150 grader i ca 1 time.
Bruk gjerne varmluft, men hugs å rør i blandinga i ovnen slik det ikkje blir brent undervegs.
Når det har tørka og fått ein gyllen farge er det ferdig.
Så fortsetter du på same metode til du har fått steikt alt saman.

Oppbevaring:
Tørt og svalt, gjerne i glasskrukke eller kjeksboks.

Vel Bekomme!

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *