Det går mot sommar og fleire nytta finevêret til å gå turar utandørs.
Kanskje ser du etter eit sunnare alternativ til snacks å putte i sekken? Desse turkjeksa egner seg utmerket på tur då dei inneheld mykje god næring i frå både urkorn, havregryn og Supermat. Kjeksa er sukkerfrie og veganske.
Ingredienser:
– 2 ss Chiafrø
– 6 dl Mylnå Sikta spelt
– 4 dl Mylnå Platetørka havregryn
– 2 poser Supernature Fresh & Fruity
– 1 ts Supernature himalayasalt
– 2 ss Supernature hempprotein
– 4 ss Steviosa-sukker
– 1 ts bakepulver
– 1 ts vaniljepulver
– 1 ts kanel
– 2 dl vatn
– 1 dl Cocosa extra virgin
Slik gjer du:
– Sett chiafrøa i ca 1,5 dl vatn til det har danna seg ein gele.
– Smelt cocosa i varmebad
– bland det tørre, og deretter resten av oppskrifta
– Deigen skal bli klissette, form til kjeks på 2 steikebrett.
– Steik midt i ovnen på 180 grader i 30-40 min.
Lagar du kjeksa litt tjukke blir dei nesten som scones, eller slik eg liker å kalla dei: Turkjeks. Du velger sjølv korleis du vil ha dei etter kva du liker best.
Ønsker du dei litt tørrare har du i litt meir speltmjøl.
Topping:
– Her har du mykje alternativ du kan leike deg med på kjøkkenet.
Eg brukar ein miks av Supernature kakao, gojibær, kakaonibs og hampfrø.