Tid for suppe!

Har du lyst til å lære triksa til korleis du kan få grønnsakssuppe til å smake heilt fantastisk? Eg har fått tilbakemeldinger om at denne suppa leverer så godt at du faktisk kan våge å bytte ut fredagstacoen med grønnsakssuppe! 
Dei beste fordelane med å lage suppe er at det sjølvsagt er sunt og næringsrikt, og ikkje minst er det billig. Bra for deg, og bra for lommeboka. I tillegg er det raskt og enkelt å lage. Win! 

Så.. Kva er trikset for å få til ei saftig og smakfull suppe?

Eg brukar heilt tradisjonelle grønnsaker og urter med god kvalitet. Eg veljer alltid økologisk om det er tilgjengeleg. Kjøp gjerne lokalt om du kan det. 
Men det hemmelige trikset som virkeleg utgjer smaken på mine supper er: 

BULJONG!

Men ikkje kva som helst slags buljong!
Eg har prøvd veldig mange forskjellige på markedet i terningar og pulver.  Over ei lang tid har eg no brukt ein buljong med ferske urter i frå Sveits!



A.Vogel Herbamare Urtebuljong 

er eit vegetabilsk buljongkonsentrat av havsalt og friske økologiske urter som hever smaken. Denne buljongen er så god at du kan bruke den både som drikkebuljong, suppebuljong, smaksetting av pasta, gryteretter, sauser, til og med i kokevatnet til ris!  Du treng ikkje tilsette ekstra salt eller krydder i oppskrifta når du bruker denne buljongen, men eg er også fan av gurkemeie pga helsefordeler og smak så det måtte eg putte oppi i tillegg. 

Oppskrift på heimelaga grønnsakssuppe:

1 liter vatn
1 ss A.Vogel Herbamare urtebuljong
10 små mandelpoteter
5 gulrøtter
1/2 rabbe (kålrot)
1 knutekål
1 handfull purrelauk
1 handfull brokkoli
1 fedd kvitlauk
1 chili (uten frø)
1 ts gurkemeiekrydder

Slik gjer du:
Start med å frese purrelauk, kvitlauk,  og chili med cocosa steikeolje i gryta. Hakk deretter opp alle grønnsakene i biter og putt i gryta. Tilsett så vatn og buljong, og kok heilt til grønnsakene er mjuke. 

Tips:
Tilsett gjerne brokkolien heilt på tampen av koketida! Då blir den ekstra cruncy og god. Server suppa saman med ditt favorittbrød, og smør!

Tips 2:
Topp gjerne suppa med heimelaga spirer! (sjå mitt forrige blogginnlegg om korleis du kan lage dine eigne spirer her

Tips 3:
Denne suppa metter mange mager! Frys alltid ned rester av suppe. Då har du alltid ein rask og sunn middag i frysaren. 

Tips 4: 
Om du vil prøve å lage din eigen buljong: Spar på alt av skal, og biter i frå grønnsakene til suppa (ikkje kast!) 
Frys ned i poser. Når du føler for det kan du ta opp ein pose og lage din eigen buljong. Kok opp alt saman og tilsett litt havsalt, friske urter og krydder. Sil deretter ut alle biter og frys ned i isbitformer. Neste gong du skal lage suppe kan du ta opp ein terning eller to. Kult ikkje sant? 

J.M

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *