Spiring – lær å spire heime!

Du får ikkje meir kortreist mat enn det du sjølv kan spire og gro heime på kjøkkenbenken! Spesielt no på vinteren har kroppen godt av levande og næringsrik mat. Spiring smakar godt, og er veldig sunt! Ikkje minst er det ein fantastisk aktivitet ein kan gjere åleine, eller saman med familie og venner. Heile prosessen er spanande då ein kan sjå korleis eit lite frø kan spire seg til vakre fasongar med unike smakar. 

Eg har prøvd å spire veldig mykje forskjellig opp i gjennom tidene, men i  Desember 2017 sertifiserte eg meg til Rawfood Chef og spiring var ein del av pensum. Det er veldig spanande å sette seg inn i alt ein kan spire, og kor forskjellig næringsinnhald og form spirene har. 

No har eg lyst til å inspirere deg til å hive deg rundt og lage dine eigne spirer!  
Eg er stor fan av gamle tradisjonar! Visste du at i Asia har  dei nytta spirer som mat i tusenvis av år?  I Europa har spirer vert kjent sidan 1500-talet. 
Ein kan spire av korn, frø, erter, linser, osv.
Eg har tenkt å presentere tre variantar de kanskje allereie har høyrt om før: Alfalfaspirer, Mungbønnespirer og Brokkolispirer. 

(På bildet: Mungbønnefrø før spiring)
(På bildet: Alfalfafrø før spiring)
(På bildet: Brokkolifrø før spiring)

Kva er spirer?
Spirer inneheld enzymer som er gunstig for tarmhelsa. Mange et spirer for å få betre fordøyelse, og eit betre immunforsvar. Spirer består av den konsentrerte næringa i frå frøet og har eit høgre innhald av mineralar og vitaminar enn ferdig utvikla planter. Eg vil anbefale at du alltid kjøper økologiske spirefrø!

Korleis nyttar ein spirer i kosthaldet?
Du kan sjølvsagt ete spirane slik som dei er, men dei er aller best i salat, på brødskiva, topping på supper, i gryteretter, i smoothies, osv.


Slik gjer du: 

DAG 1 :
Sett spirefrø i eit glass med vatn, og lat det stå over natta.
(Eg har fleire spirekasser, så eg valte å spire alle tre variantane samtidig! Eg elskar å sjå dei forskjellige frøa spegle vakre mønster i vatnet.)

DAG 2:
Sil ut vatnet, og finn fram spireglasset. 
Skyll spirene i kaldt vatn. Spireglasset i frå biosnacky gjer slik at alt vatnet renner ut, og at frøa får puste. På denne måten unngår ein mugg, og at prosessen går knirkefritt.

DEI KOMANDE DAGANE:
Spiring tek alt i frå ca 2-6 dagar gitt ut i frå kva type frø du bruker.
Er du ein rastlaus type som vil ha spirer kjapt vil eg anbefale mungbønnespirer. Dei tek som regel berre 2 dagar her på kjøkkenbenken så er dei klar til å ete.

VIKTIG!
Etter at du har fått frøa i spireglasset skyller du frøa 1-2 gongar kvar dag.
Gjenta dette heilt til du har fått ynskja storleik på spriene. 
Sjølv brukar eg å ete dei før dei får alt for lang “hale” 🙂 Men prøv deg fram! 
Her kan du sjå bilde av korleis dei ferdige spirene mine ser ut:

(Bilde: Ferdig spira brokkolispirer)
(Bilde: Ferdig spira mungbønner)
(På bildet: Alfalfaspirer ferdig spira)

 

Har du lyst til å sette i gong?
Viser du dette blogginnlegget i kassa på Sunkost Volda   får du  -20% på alle Bio snacky frø og spirekasse!  (Gyldig rabatt til og med 17.februar) 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *