Fotbad med smertestillande effekt!

“Eg har så vondt i beina” tenkjer du kanskje stille for deg sjølv.
Går du 10 000 skritt om dagen? Fleire har som mål å trene og aktivisere seg meir etter sommarferien. Vi er tilbake til våre rutiner, og har ein stappfull agenda. Kanskje legg du ekstra godt merke til snikande smerter som den klassiske stressnakken, opphovna bein og anna ubehag etter lange arbeidsdagar? Nokre har det kanskje til og med så smertefullt at dei rett og slett ikkje kjem seg forbi dørstokken. 


Ta vare på føtene dine med dette fantastiske fotbadsaltet!
Det er lett å gløyme grunnmuren som held kroppen oppreist. 
Beina løfter kroppen heile dagen, og det er viktig å få kvilt dei av og til.
Dette fotbadsaltet er superlett å lage, og du treng kun 4 ingrediensar.
Ingrediensane i fotbadsaltet kan gi deg ein avslappande og munter følelse då det kan lette litt på smertene.
 
Ta med deg ei god bok, favoritt-teen din, og nyt dette fotbadet i fred og ro.
Eg elskar å tenne røkelse og levande lys. Det gir meg litt ekstra velvære i kvardagen!


Dette treng du:

– Mineralsalt
– Gurkemeie
– MSM
– Appelsinolje


– 3 dl Mineralsalt 
Her kan du velje i mellom fleire variantar på markedet. Eg går som regel alltid for Dr.Organic sitt badesalt frå dødehavet sidan det inneheld viktige mineralar i frå havet som magnesium, kalium, kalsiumklorid og bor.
Får du ikkje tak i dette kan du gå for Epsomsalt. Begge variantane er kjend for å lette muskel- og leddsmerter, styrke huda og fjerne avfallstoff. 
Fleire badar i dette saltet for å gi kroppen ein god detox etter sommaren.


 
– 1 ts Gurkemeiekrydder
Denne fantasiske rota gjer underverk for helsa! Det er ikkje utan grunn at folk som lider av leddsmerter tek gurkemeie som kosttilskot. Det er sagt at gurkemeie reduserar betennelsar i kroppen, og er lett smertelindrande. 
Dette er ein kraftig antioksidant med ein klar og gyllen orangefarge. 
(Nb: Ikkje bruk kvit balje til dette fotbadsaltet då gurkemeiefargen kan bli unødvendig arbeid å skrubbe vekk. Eg gjekk for ein mørkeblå balje) 

– 10 dråper med eterisk appelsinolje 
Eg valgte appelsinolje som er laga av appelsinskal på grunn av at den luktar heilt fantastisk, og har ein positiv effekt på humøret. Den er beroligande og oppfløftande. Du sitt igjen med ei “feel good” kjensle. 
Oljen stimulerar dessutan blodsirkulasjonen og er fin å bruke til stive og ømme muskler.

– 2 ss Ren MSM pulver 
Dette er kanskje det aller viktigaste av alle ingrediensane! MSM (svovel) er kalla “mirakel-mineralet” då det gir ei rekke helsefordelar. Det er mest kjend for å vere godt for ømme og stive muskler og ledd. Svovel er viktig for fornyelse og vedlikehald av brusk og bindevev. Dette er spesielt gunstig i periodar med store anstrengelser, eller etter harde treningsøkter der kroppen blir utsatt for oksidativt stress. Du kan innta dette tilskotet i pulver og tablettform. Eg har valgt pulveret til denne oppskrifta.
 
(Eg tek i tillegg tablettar kvar dag sidan MSM og er godt for både huda, håret, neglene, mage/tarm, og restutisjon etter trening!) 
Eg kunne skreve ein heil stil om kor høgt et verdsetter dette produktet, men om du vil lese meir kan du gjer det her: www.renmsm.no 

Slik gjer du: 

Bland saman alle ingrediensane ei ei bakebolle. 
Finn fram ei fin krukke, og voila! 🙂 
Til eit fotbad brukte eg ca 4 toppa ss med denne blandinga. 

(Ps: Eg vil ikkje anbefale å bruke denne blandinga i badekaret om du kanskje fekk ein ide om det!  Gurkemeie kan misfarge badekaret. Hugs difor å ikkje bruke kvit badebalje når du tek eit avslappande fotbad.. Hehe her snakkar eg i frå erfaring! Det er ikkje så avslappande å skrubbe badekar/balje etterpå)

Du sitt igjen med ei varm og god kjensle i beina. 
Ynskjer du å kjøle ned smertene kan du gjerne avslutte med muskelsalven Perozin. Den er like god på beina som til stressnakken! 
Den er rask og effektiv, og grei å ha med på jobb om ein verker ut over dagen. 

Eg håper at tipsa mine hjalp deg, og at du får ein smertefri kvardag!
Vil du ha fleire tips eller triks kan du ta turen innom Sunkost Volda
Frå og med 28.-10.september har helsekostbutikken fokus og gode tilbod på utvalgte produkt som er godt for muskler og ledd. 

J.M 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *