Bodyscrub med anti-aging effekt!

Fresshh! Her får du virkeleg grøn glede på boks!
Lag din eigen bodyscrub og lat huda di gløde med desse pleiande ingrediensane. 
 

Har du tenkt over kva din favorittskrubb inneheld? Lagar du sjølv unngår du å støtte verdensproblemet: mikroplast. Visste du at berre eit ferdigprodukt kan innehalde så mykje som 350.000 små plastkuler?! *grøss* 
Dette har fått meg til å tenkje på korleis eg kan lage den perfekte skrubben heilt utan plastikk, kjemikalie og fargestoff. Her får du oppskrift på ein heimelaga skrubb som har fleire helsefordelar for huda. 


Alt du smører på huda blir tatt opp i kroppen. Huda er trass alt kroppens største organ, og det er viktig å gi den supermaten den fortener. 
Når du skrubber huda setter du i gong blodsirkulasjonen, fjenar smuss, reduserer fine linjer og gir huda glød. Brukar du denne skubben 1 gong i veka vil du glatte ut og  fornye huda.

Du treng:

– 2 dl økologisk Rørsukker 
– 3 stk kapsler med Spirulina
– 10 dråper med Peppermynteolje
– 10 dråper med ylang ylang-olje
– 4 ss Cocosa extra virgin 
– 2 ss Ren Msm


Slik gjer du: 

Bland saman alle ingrediensane i ein kjøkkenbolle med ei skjei.
(Du treng ikkje smelte kokosoljen, den blandar seg fint inn i resten av ingrediensane om den har stått i romtemp.)
Tips: Har det gått ei stund sidan du lagde skrubben kan du tilsette nokre få dråpar ekstra med eteriske oljer for å friske opp den gode lukta. 

Oppbevaring:
Blandinga kan med fordel oppbevarast i eit fint glass. Det står seg best i romtemp. (Setter du det i kjøleskap blir skrubben ganske hard) 


Skrubben får den naturlige grønfargen i frå supermatalgen spirulina!
Den er rik på klorofyll, og betakaroten som gir ei vakker glød til huda.
Du har kanskje høyrt at folk drikk dette pulveret i smoothie? Denne superalgen er utruleg næringsrik på vitaminar og mineralar og kan med fordel nyttast som både kosttilskot og til hudpleierutiner! 
Den har ein avgiftande eigenskap, og renser kroppen for avfallstoff.


MSM – Skjønnheitsmineralet! 

Yeees! Dette mineralet fortener virkeleg dette kallenamnet. Det er og kalla “mirakelmineralet” på grunn av alle dei store helsefordelane. 
MSM gir kroppen organisk svovel. Dette mineralet er godt for hud, hår og negler sidan svovel er ein viktig bestanddel av proteinet keratin. Dei små krystallane egnar seg utmerket i ein bodyscrub!

Anti-age effekt av MSM :
Kollagen er eit av dei mest omfattande molekyler i kroppen og det som bidreg til huda og bindevevets elastiske eigenskaper er svovelbindingane mellom kollagenmolekylane. Når vi blir eldre lagar kroppen mindre kollagen og vi får rynkete og mindre stram hud. Difor er MSM anerkjent verden over som eit foryngande stoff som gjer hår og negler sterkare og huda strammare.

For optimal anti-age effekt anbefalar eg å ta dette som eit dagleg kosttilskot! 
Velg i mellom pulver som du kan blande ut i shakes, og smoothies eller tabletter.

Bildet er henta frå www.sunkost.no 

Cocosa! 
Det beste med denne skrubben må vere at huda ikkje tørkar ut etter skrubbinga. Huda blir silkemjuk på grunn av den pleiande kokosolja.
Du treng faktisk ikkje å smøre deg med bodylotion etter du har skrubba deg! Denne gjer heile jobben for deg. Du kan bruke olja til omtrent alt. 
Eg bruker den til alt i frå matlaging til forskjellige hudpleierutiner. 
Den er perfekt til sminkefjerning, bodyscrub, hårolje osv. 


Eg har brukt rørsukker i blandinga for å polere huda.
Sukkeret eg brukte er i frå merket Manna, og er dyrka i Sør-amerika som er kjent for sitt rike jordbruk. Det er ikkje raffinert og inneheld difor meir mineralar og og vitaminar enn vanleg kvitt sukker.

Eteriske oljer
Ahh! Det er så gøy med eteriske oljer. Du kan sjølvsagt velje dine favorittar.
Eg valte peppermynte sidan den er forfriskande. Den rensar og huda for feitt, og er muskelavslappande. Den er og god å lukte på om ein har hovudverk. 
I tillegg tilsatte eg litt Ylang Ylang då den luktar heilt fantastisk! Den er og antiseptisk utan å tørke ut huda. Det har blitt brukt i Asia i århundrer til hudpleie og det er kjent at antioksidantane beskyttar huda mot angrep av tegn på aldring.

Du får kjøpt alle ingrediensane hjå helsekostbutikken Sunkost Volda
Tek du turen innom i løpet av 10. september får du -20% på REN MSM, og du kan du få lukte og kjenne på skrubben! 
 

– Kos deg med skrubben! 

J.M

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *