Har du lyst til å nyte eit syltetøy som verken inneheld raffinert sukker, animalske produkt eller konserveringsmiddel? Kva med å lage di eiga RAW supersylte proppfull av supermat?
Det er superlett, supersunt og tek kun nokre få minutt!
Eg elskar bringebær og gjekk til innkjøp av ei heil kasse. Eg valte å kjøpe lokalproduserte bringebær i frå Ryen gard. Kanskje har du ein lokal bonde i ditt nærområde som du kan støtte? Innkjøp av ei stor kasse med bær passar perfekt dersom ein vil lage mykje syltetøy som ein også kan fryse ned.
RAW Supersylte (1 krukke)
1 korg Bringebær
2 dl Supernature Gojibær
5 ts Steviosa Sukker
5 ts Supernature Lecithin
Du treng kun en gaffel og ein kjøkkenbolle. Knus saman alle ingrediensar til ein konsistens etter eige ønskje og hell over i eit flott Norgesglass, eller di favorittkrukke. Om du ønskjer kan du doble oppskrifta og fryse ned fleire ferdige porsjonar av din eiga supersylte!
Eg er også stor fan av Supernature sine gojibær!
10 gode grunnar til å ete gojibær:
– Gir uthaldenheit og energi
– Brukt i Kinesisk medisin
– Antioksidant
– Antiinflamatorisk
– Senker kolesterolet
– Beskyttar levra og gir betre nyrefunksjon
– Muskelmat
– Beskyttar skjelettet
– Reduserar søtsug
– Motverkar kronisk betennelse og revmatisme
TIPS: For å få ein nydeleg smak og creamy konsistens på sylta har eg brukt Supernature Lecithin. Det gjer også underverk i dessertar, smoothies, energikuler og RAW kaker osv. Fleire har spurt meg om korleis eg får mat til å smake som fløyte når det ikkje inneheld mjølk. Lecithin er eit supert tips til deg som vil lage mat utan mjølkeprodukt.
Du får kjøpt Supernature Lecithin og gojibær hos din lokale helsekost.
facebook.com/sunkostvolda Instagram: @sunkost.volda
Har du prøvd supermat i syltetøy før? Del gjerne oppskrift i kommentarfeltet.