Korleis droppe plastposar på frukt og grønt i lausvekt? Giveaway i innlegget!

Dette spørsmålet har eg ofte stilt meg sjølv. Som regel poppar dette spørsmålet opp når eg allereie står på dagligvare og skal til å forsyne meg med frukt og grønt. Vi har nok alle fått med oss at plastproblematikken ikkje er nokon spøk! Allereie i 2014 skreiv forskning.no at minst svimlande
5000 000 000 000 plastbitar flyter rundt i havet!


Dame Ellen McArthur  (som har verdsrekord i jordomsegling) åtvarar no om at det kjem til å bli meir plastikk enn fisk i havet innan år 2050!
Mitt neste spørsmål er: Kva kan vi gjere for å stoppe dette? Fleire er allereie veldig flinke på å takke nei til handlenett i plastikk når dei er ute og handlar. Eg som sjølv driv butikk har observert ei positiv utvikling der kundar tek med seg eige handlenett. Problemet er at dei likevel kjem heim med mykje plastikk i kvardagen.

Du har sikker sett dette synet før etter handleturen din (bilete under) og tenkt
“Kva kan eg bruke i stadenfor eingongsposer i plast?”


Vi alle påverkar miljøet og kloden vår kvar dag sjølv om vi tenkjer på det eller ei. Eg tok eit val – og satset på at fleire tenkjer som meg! Eg lanserte nyleg mine eigne “frukt og grønt” nettingposar i miljøvenleg bomull og ynskjer at alle får muligheit til å bytte ut plastikken med enkle grep i kvardagen.
(foreløpig kun sal hjå Sunkost Volda. Pris 59,- pr stk.)

Desse geniale posane tek lite plass i veska. Som regel treng du meir enn 1 pose til frukt og  grønt.  Sjølv om posen er liten, rommar den likevel mykje, og du får plass til ca 10 appelsinar i ein pose. Nettingposane kan brukast til meir enn berre frukt og grønt.
Her er det berre fantasien som set grenser. Posane kjem med hank slik at du kan hengje dei opp på kjøkkenbenken. Posane varer lenge, og kan vaskast på 40 grader.


 

Har du interesse av å lære meir om korleis du kan leve miljøvenleg i kvardagen? Ta turen innom Sunkost Volda sine “Miljødagar 3.- 15. april” 🙂
Her får du gratis byttetriks, informasjonshefte, og opptil -40% rabatt på miljøvenlege produkt! Der finn du desse smarte frukt og grøntposane som eg har lansert. I tillegg finn du der fleire fine handlenett, nøttemjølkposar osv.

 

GIVEAWAY:

Eg har lyst til å kickstarte “zero waste utstyr” til deg, og vil difor gi vekk dette fine nybyrjar settet. Konkurransen er nasjonal slik at dei som ikkje bur i området kan få denne flotte gåva sendt i posten!



Pakken inneheld:

– 1 stk frukt og grønt pose
– 1stk nøttemjølkpose
– 1 stk rosa nettingspose
– 1 stk kvit nettingspose
– 1 stk Mandalapose

For å delta:

1. Lik Sunntrivsel.no på Facebook
2. Følg Sunntrivsel.no på Instagram
3. Gå inn og kommenter “Zero waste” på dette innlegget!
Hugs å tagge dine miljøbevisste vener!


Den heldige vinnaren blir trekt 15. April kl 00:00.
Svaret blir lagt ut på Sunntrivsel si facebookside!
Lykke til 🙂

Janne Moe.


Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *