Krydderolje – lær å lage sjølv

Har du lyst til å vere kreativ på kjøkkenet? Kva med å imponere gjester med heimelaga krydderolje neste gong du inviterar nokon på middag? 
Er du glad i ekstra smak på maten bør du prøve dette trikset heime! 🙂

Alt du trenger for å sette i gong er:

– Matolje av god kvalitet. 
– Chili
– Kvitlauk
– Eller andre valfrie urter.

Eg er veldig glad i den økologiske matserien til Urtekram, og hadde denne steikeolja heime. Dei har og olivenolje, og andre spanande variantar tappa på mørke glasflasker.
(viktig! – les meir om kvifor under bilete) 

Er du oppteken av kvalitet på matolje? Det er ikkje “eit feitt” kva type feitt du veljer å steike maten i.  For å lære å lage krydderolje treng du fyrst og fremst å gå til innkjøp av ei valfri kvalitetsolje. Nokre veljer bevisst dei billigaste alternativa på butikken. Det er naudvendigvis ikkje det sunnaste alternativet.  Eg anbefalar at du unngår å kjøpe matolje som er tappa på lyse plastikkflasker. Matoljer har tre fiendar: lys, luft og varme. Med lagring danna det skadelege stoff i olje. Vel alltid matolje som tappast og lagrast på lufttette mørke glasflasker. Mørke glasflasker filtrerer vekk 60 prosent av lysstrålane.  Vil du lære meir dei mest nytta matoljene? Då anbefalar eg at du les meir om kva eksperten forsker Gjermund Vogt ved forskningsstiftelsen Nofima meiner her.

 Oppskrift under bilete. 

Oppskrift på kvitlauksolje:

Du treng:

– 1 stk fint glas til å oppbevare krydderolje i. 
Leit fram eit fint glas, gjerne eit mørkt eit om du har det. Vist ikkje går det fint å lagre i blanke glasflasker i eit mørkt kjøleskap. (Må ikkje stå ute i sollys) 
Hugs ein god kniv og sjølvsagt skjærefjøl.

Thats it!

Slik gjer du:

Hakk opp ca 4-5 kvitlauksfedd, og putt oppi ei glasflaske.
Hell over urtekram steikeolje, og voila! It is done 🙂 
Oppbevar flaska i kjøleskapet. 
Ristast før bruk slik at du får med nokre av kvitlauksbitane i maten. Nam!
Blir den raskt tom fyller du berre opp flaska etterkvart med meir olje. 


Chiliolje

Her gjer du akkurat den same prosessen som med kvitlausolje.
Eg bruker ca 3-4 oppkutta chili oppi ei lita flaske. Her kan du variere akkurat slik som du ynskjer. Du kan tilsetje fleire urter og krydder.  Trikset er å dekke urtene med ei god olje. Her er det berre fantasien som setter grenser. 


Prøv å kombinere begge dei heimelaga  oljene i steikepanna neste gong du lagar taco!  Eller kva med å lage ei krydderolje som inneheld både kvitlauk og chili? Det er og godt med ingefærolje til dei som liker ekstra spicy og spanande mat.  

Eg gleder meg ti å sjå kva krydderolje de ender opp med å lage.
Tagg gjerne bilete de legger ut med mine oppskrifter på Instagram og Facebook med #sunntrivsel slik at eg får sjå 🙂 

Urtekram sine økokologiske produkt finner du hjå Sunkost Volda.

Bon appetit! 

Janne Moe

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *