FASTELAVN – Oppskrift på veganske fastelavnsbollar

Hurra! På søndag er det feiring av både fastelavn og morsdag – og her får du oppskrift på saftige kveitebollar med mine beste tips til spanande fyll. 
I denne oppskrifta har eg laga bolledeig heilt utan mjølk og egg. 

(Du treng ikkje å ha allergiar eller vere veganer for å nyyyte desse bollane!)

 Oppskrift til ca 30 små boller eller 15 store:

12 dl økologisk sikta kveite i frå Mylnå
7 dl soyamelk eller rismelk 
200g Berit Nordstrand smør 
1 pk fersk gjær til søtbakst
2 dl økologisk rårørsukker
2 ts kardemomme 

Slik gjer du: 

1. Bland mjøl, sukker og kardemomme saman med fingervarm gjærblanding. Du kan tilsette meir mjøl om deigen ikkje slepp kantane.

2. Sett deigen på eit lunt sted. Deigen skal heve til dobbel storleik
(minst 30min) Del opp deigen i ynskja storleik og trill runde bollar.

3. Etterhev bollane på steikebrett i 30 min.

4. I staden for å pensle med egg kan du pensle med plantemjølk.
Eg brukte rismjølk til dette.

5. Til slutt: Steikast midt i ovnen på 225 °C i maks 10 minutt.
Avkjøl deretter bollane på rist.


.. Og no til den beste delen: FYLL! 

Her kan du velje ditt eige favorittfyll. 
Eg kjem til å dele tre forslag her:

1. Orignalt fyll: Krem 
(Her kan du velje om du vil servere vanleg kremfløyte, eller om du vil gå for eit vegansk alternativ. Du får kjøpt fleire mjølkefrie kremfløyte på både daglegvare og på helsekost. (Min favoritt er kokoskremfløyte, men både soya og ris fungerar flott)
Dryss litt melis på toppen og du er good  to go!

Tips: kva med å bytte ut krem med vanilje-is!? 

 

2. Krem + heimelaga supersylte
Legg eit lag med sylte og krem! Dryss melis på toppen. 

Oppskrift på supersylte:

3 dl frosne bringebær
1 dl frosne ripsbær
1 dl Navitas gojibær
1 dl Sunkost sukkersøtt

Rør saman alle ingrediensane, og varm forsiktig opp i ei kjele. Thats it! <3 


3. Krem med vaniljedessert og mørk sjokolade! 
(Dette er absolutt min favoritt!) 


For å lage vaniljekremfløyte: 
Visp 1 boks (valfri) kremfløyte. Rør deretter forsiktig inn
1 stk Alpro vaniljedessert (for hand.)  Denne miksen er berre så sjuuukt god! 

Toppingtips:
Hakk opp mørk sjokolade, og strø over kremen. 
Eg brukte Ecuador med 70% kakao. 

 

Kvifor velje kveitemjøl i frå Mylnå? 

I Volda ligger landets aller siste bygdemølle som har tradisjonar heilt i frå 1800-talet. Her lagar dei mjøl på gamle steinkverner og utstyr i frå 1930-talet. 
Når du kjøper ein pakke med norsk økologisk kveite i frå Mylnå  støtter du norsk landbruk, og gamle tradisjonar. Flere opplev at dei tåler dette kveitemjølet betre, då det verken er bleika, eller tilsatt ekstra gluten. 
Du får kjøpt alt mjølet som blir produsert på Mylnå hjå Sunkost Volda.


Kva er ditt favorittfyll til fastelavnsbollar? 🙂

J.M

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *