Spirulina Super-is

Sommaren er ikkje over enda heldigvis!
Kva med å nyte ein #superis på verandaen? Det har eg gjort i dag.
Super-is er enkelt og rask å lage smakar like godt som ein vanleg smoothie, og inneheld næringsrik supermat i frå Supernature. Super-is er også ein perfekt måte få heile familien samt borna til å setje pris på supermat!

Nå kan du også være med i trekninga av 1 års forbruk av supermat  frå Supernature! 
1

Eit tips til å lage #superis er å bruke restar etter ein supersmoothie.
Alt du treng om å gjer er å fylle opp nokre isformar og putte rett inn i frysaren. Då har du alltid noko godt på lur. Oppskrift på “Spirulina Super-is” finn du under bildet.

IMG_20150813_185547
Oppskrift Spirulina-is (6 små)

1 økologisk moden banan
2 dl økologisk mandelmelk
1 ts Supernature Spirulina pulver
1 ts Supernature Soya lecithin
Om du vil kan du søte isen litt ekstra med Stevia-Sweetleaf

Ha alle ingrediensane i ein blender og kjør maskina til ein fin konsistens. Hell så massen i isformane og sett i frysaren.

Sjokoladetrekk
Ta opp den fryste isen og dypp i hærleg mørk sjokolade!
Eg har laga min sjølv då eg foretrekk sukkerfri og vegansk sjokolade, men du kan fint smelte favoritt sjokoladen din i eit vannbad.
Dypp dei fryste ispinnane med tuppen ned i den smelta sjokoladen og strø over Supernature Supersnack + litt økologiske gresskarkjerner og voila! Du har laga ein knallgod #superis

IMG_20150813_184833
IMG_20150813_184624
Super-is er både enkelt og kjekt å lage! Slepp fantasien laus og lag dine eigne variantar av supermat-is.

10 gode grunnar til å ete super-is:
– Påfyll av sunne næringsstoff
– Passar til heile familien
– Gøy å lage
– Nytast med god samvittigheit
– 100% Vegansk
– Perfekt før og etter trening då den er proteinrik pga Spirulina
– Godt for hjerna og konsentrasjonen pga Lecithin.
– Gir super energi
– Eit sunnare alternativ til fløyte-is
– Sukkerfri


Ha ein super dag!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

One thought on “Spirulina Super-is