BADEBOMBE! – Lag det sjølv!

Ohh yes! Vi alle elskar litt barnslige smågleder i kvardagen. Kva med å lage dine eigne badebomber med pleiande ingrediensar? 🙂 

I denne oppskrifta har eg lagt vekt på at badebombene både skal sjå bra ut, lukte godt og restaurere hud og kropp. Eg har brukt mine favorittprodukt som gjer underverk for tørr og sliten hud då oppskrifta inneheld pleiande badesalt og oljer som gjer huda så mjuk og smidig at du til og med kan droppe bodylotionen etterpå, yay!
I tillegg til å styrke og gi huda ei skikkeleg “fuktbombe” vil du sitte igjen med ei kjensle av velvære då desse gir ei avslappande effekt på stressa kroppar med stive og støle musklar.  Badebombene kan brukast av både vaksne og born. 

Dette utstyret treng du:

– Bakebolle
– Kjøkkenvisp
– Målebeger/desilitermål
– Form til badebomber
(Eventuelt isbitformer i silikon om du ikkje har anna for hand)


Formene eg brukte til badebombene er laga av aluminium med tanke på gjenbruk. Har du slike tilgjengelig kan du snurre rundt eit gummistrekk for å halde dei på plass. Du kan og vere kreativ med å bruke morosame isbitformer og lage figurar, hjarter og så vidare.
Dette kan og vere kjekke bursdagsgåver og julegåver! 🙂 


Ingrediensar til 4 store badebomber :

– 2 dl Bakepulver
– 2 ss Natron 
– 1 dl Sitronsyre (4 poser)
– 2 dl Mineralsalt
– 1 dl  Maisstivelse
– 4 ss Ren Msm pulver

Ingrediensar til farge, fukt og lukt:

– ca 5 ss Castor oil
(Har du veldig tørr hud og ynskjer ekstra fuktigheit kan du bruke opptil 9 ss.)

– ca 3 ss Vatn 

– Nokre dråper med matfarge
(Valfritt. Eg brukte rosa sidan det passa i hop med jordbærlukta mmm.)

– Eteriske oljer/Essens
(Valfritt. Eg brukte jordbæressens. Prøv foreks: med vanilje, appelsin, peppermynte)

Allright! Let’s get started!

Slik gjer du:
Bland saman alle ingrediensane du treng til badebombene først i ei bakebolle. Bland det godt med vispen. Det kan vere lurt å stå ein plass ein har tilatelse til å rote litt, he he he.

Viktig: Pass på å ikkje få noko vått i denne røra undervegs! Du vil ikkje at badebomba skal aktivere seg før den treff badevatnet 🙂 


Blandinga skal sjå slik ut før du tilsetter farge og oljemiksen. 

Eg brukar maisenna (bilde under) i oppskrifta på grunn av at det er med på å halde kulene saman, og gir eit fløyelsmjukt resultat på huda. 


Eg brukar Dr.Organic badesalt/mineralsalt! 🙂 
Dette brukar eg gjerne aleine i eit avslappande bad, til bodyscrubs, fotbad osv. Grunnen til at eg har lagt min elsk på dette badesaltet er på grunn av dei rensande eigenskapane. Det inneheld salt og mineraler i frå dødehavet som er rik på kalsium og magnesium.  Dette rensar huda og gir ei ny glød samtidig som det er muskelavslappande. 

For å få den sprudlande effekta som vi er ute etter i badebomber har eg tilsatt sitronsyre. 

(Det får du kjøpt på alle dagligvarebutikkar) 

Skjønnheitsmineralet REN MSM! 
Ahhh eg kan ikkje få sagt nok kor mykje eg elskar dette mineralet!
Ein skulle nesten tru at eg var sponsa av MSM Norge, men det er eg faktisk ikkje 🙂 Eg har berre eit mål om å opplyse folk om kor fantastisk dette produktet er! Eg har gode erfaringar sidan eg tek dette kostilskotet kvar dag og brukar det i omtrent alle mine heimelaga kosmetikkprodukt. Du lurer kanskje på kva Msm er? Det er eit mineral som gir kroppen organisk svovel. MSM er kjent for å vere godt for hud, hår og negler, sidan svovel er ein viktig bestanddel av proteinet keratin. Mange kaller det difor «skjønnheitsmineralet».  I tillegg til å gi utsjånaden ein boost er dette og godt for stive og ømme musklar. Tips: Tilsett Msm i treningsvatnet ditt neste gong for å unngå gongsperre! Det er og godt å avslutte ei hard treningsøkt med eit varmt bad med Msm. Eller som i dette tilfellet: badebomber med Msm! Oh yeah. 

(Les meir om favorittproduktet mitt her)

Når du har blanda saman alle ingrediensane er det på tide å lage til oljeblandinga med farge! 🙂 
Her kjem den “avanserte” delen. Her er det superviktig at du tilsetter dette saaakte i røra! (For å unngå at ingrediensane aktiverast)


Castor oil brukar dei mykje i India og Afrika. Eg har valgt denne olja på grunn av at den gir god fuktigheit til huda, betrar sirkulasjonen, og reparerer irritert hud som kviser og solskader. Sjekk 17 helsefordelar med castoroil her


(Slik ser mi blanding ut: Castor oil, vatn, rosafarge og jordbærlukt) 

Slik blander du det i resten av røra:


Forsiktig! 🙂 
Ta nokre få dråper av gongen, og rør godt heilt til du har tilsett alt. 


Ohooo. Rosafargen kjem betre fram etter kvart som du rører rundt! 
Hugs at tolmodigheita er verdt bryet! 🙂 


Når du er fornøgd med fargen og konsistens:
Trykk det hardt saman i former/kuler. 


Oppbevar gjerne dei ferdige bombene i kjøleskap. 
(Då held dei seg i fleire veker) 

Nyt eigentida – og kos deg med badebombene!
Du får kjøpt alle ingrediensane hjå Sunkost Volda. 
-> Ta turen dit om du treng tips og triks til korleis du kan lage fleire kosmetikkprodukt sjølv, eller berre vil slå av ein prat 🙂

 

J.M

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *