Endeleg lovleg i Norge!

Smeis!
Dei dyktige kosttilskotforkjemparane bak REN MSM  har gjort det igjen!
Det ingen trudde var muleg i Norge: å endeleg få lov til å velje sin optimale dose av B12. 

Monica og Marius (REN MSM) har klart å endre regelverket.
Nyhenda har ein døgndose på heile 2000ug, i høve til 9 ug som var den tidlegare lovlige døgndosen i Norge.
Dette B12-tilskotet er i tillegg i ein flytande metyl-variant for å få det beste opptaket.


Dette produktet har eg sjølv venta lenge på! No slepp vi nordmenn å måtte bestille høgdosert B12 frå utlandet. No kan du få dette hos den første forhandlaren på heile Sunnmøre, Sunkost Volda, og sjølvsagt på heimesida til Msm Norge. 


Det første som møter deg når du opnar flaska er ein nydeleg djup rosafarge med ein fantastisk smak av bringebærdrops. Nam! 

Vitamin B12 er eit vannløyseleg vitamin som er spesielt viktig for å skape energi i musklane, og for å danne raude blodlekamar.

Dei fleste B12-tilskota i Norge er syntetisk framstilt.
Dette flytande tilskotet er naturleg framstilt med fermentering, og opptaket skjer allereie i munnen i staden for å gå i gjennom mage/tarmsystemet i tablettform. Dette produktet er vegansk.
1 flaske flytande B12 held til ca ein månads forbruk. 

Kvifor er B12 så viktig?



Normal danning av raude blodceller 
mangel på B12 kan vise seg i blodprøver som lav blodprosent. Med auka B12 får kroppen produsert dei blodcellene den treng.

Normal homosysteinmetabolisme 
Vitamin B12 er nødvendig for å produsere protein og ny DNA.

Nervesystemets normale funksjon 
Vitamin B12 er nødvendig for å produsere cellene som vernar nervetrådane.

Normal psykologisk funksjon
 Lav B12 status vert ofte assosiert med tungsinn. Ved å auke B12 kan det bli lettare å oppretthalde ein normal og glad sinnstilstand.

Normal immunfunksjon 
Vitamin B12 er nødvendig for at immunforsvaret skal produsere immunceller som held oss friske.


Treng du B12? 

Har du lite energi? Føler du deg trøytt og slapp? Dette kan vere teikn på underskot. Symptomar på mangel kan vise seg som prikking og nummenheit i beina, og dårleg balanse. Med alderen blir opptaket av B12 i kroppen dårlegare. Enkelte mage/tarmproblem kan hindre B12 opptak. 
Det er veldig vanlig med underskot på B12, men det er og veldig enkelt å korrigere med eit godt tilskot. (Uansett før du byrjar med nye kosttilskot anbefalar eg å drøfte dette med fastlegen din, t.d. blodprøver) 
Et du lite kjøt eller er veganar/vegetarianar kan det vere fornuftig å ta jevnlege blodprøver for B-12. 

Kjelde: www.msmnorge.no 
 
 

MSM NORGE har og mange andre glimrande produkt. B12 er det nyaste tilskotet i serien! Ta ein titt på heimesida for meir informasjon, eller ta turen innom Sunkost Volda for ein hyggeleg prat. 

 
 
 
 
 
 
Produkta er snertne å ta med seg på tur!  
Dei tek liten plass i sekken, og har lav vekt. 
Her har eg tatt med meg produkta på tur til Jettefossen (Eller jettehølen som vi på bygda kallar det), ein fantastisk badeplass og naturperle på Sunnmøre. 
 

J.M 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *