Heimelaga havremjølk

Har du høyrt om havremjølk?
Er du ein av dei som ikkje tåler mjølk eller laktose? Kanskje er du veganer eller rett og slett berre er interessert til å prøve noko nytt og spanande som både er sunt og godt?  Denne oppskrifta er laga med norsk økologisk havre, og er søta med kokosblomstsukker slik at den er heilt utan raffinert sukker, og andre konserveringsmiddel.  Havre er naturleg glutenfritt, men vi har brukt gryn som kan innehalde spor av gluten. Les vidare for oppskrift.

 Kvifor lage din eigen havremjølk?
Du har sikkert høyrt at kumjølk er ei viktig kjelde til kalsium, men visste du du at havre er eit genialt alternativ til kumjølk? 
Det er sjølvsagt muleg å få kjøpe ferdig havredrikk på helsekosten, og daglegvare, men det aller beste er heimelaga havremjølk!
Sørg for å velje norsk, økologisk havre i frå Volda elektriske mylne. 
Havregryn frå Mylnå inneheld b.l.a mykje jarn, protein, kostfiber og sunne feittsyrer og blir anbefalt av ernæringsfysiolog Randi Eikrem her i ditte intervjuet! 

Havre (Avena sativa) er godt for helsa!
Det er ikkje utan grunn at folk veljer å ete havre til frukost eller lunsj kvar einaste dag! I tillegg til å smake heilt fantastisk kan havre gjere ein stor forskjell for livskvaliteten.  Kva med å drikke havremjølk til frukost i dag?


Dropp sukker! – Bruk Cocosasukker. 
Etter at eg opna min aller første pose med det karamellaktige sukkeret blei eg heilt frelst. Eg har ikkje hatt lyst til å kjøpe vanleg sukker på fleire år!
Cocosasukker er økologisk, har ein lav GI samtidig som det smakar like søtt som sukker. Eg bruker Cocosasukker på same måte som vanleg sukker. 

Tips: Strø Cocosasukker på havregrynsgrauten din neste gong! Mmm 🙂


Eg elskar å tilsette økologisk kardemomme der eg ellers ynskjer litt søt smak. Saman med det søte passar det og godt å tilsette litt salt. 
Difor lagde eg denne krydderkombinasjonen til nettopp denne havredrikken.

Visste du at Havregryn frå Mylnå vart kåra til ”Årets råvare frå land” under Matfestivalen i Ålesund 30.08.08, og var med som ein viktig bestanddel av desserten under ”Årets Måltid” i Stavanger 30.10 same år? Det som er så spesielt med Mylnå sine havregryn er at dei blir produsert på gamle og tradisjonelle metoder! Trykk her om du vil lese meir historie.

 


For å lage platetørka havregryn må havrekornet først gjennom avskaling og steaming før tørking på platetørka. Havremargen går til slutt gjennom ein valsestol og kjem ut som havregryn med litt av den gode ”brentsmaken” som havregryn hadde i gamle dagar.
Dette er berre heilt unikt! 

(Les meir om havre og ernæring etter oppskrifta.)

Ingrediensar:
2 dl Mylnå Havregryn
1/2 ts Helios Kardemomme
1/2 ts Supernature Himalayasalt
2 ts Cocosasukker 
1 liter vatn

 

Kjøkkenutstyr:
Blender
Nøttemjølkpose
Glassflaske


 

Slik gjer du:
Om du har tid kan du gjerne legge havregryna litt i bløyt i forvegen.
Bland saman alle ingrediensane, og kjør i blenderen i ca 2 min til det får ein lys og fin farge. 

Leit fram ein kjøkkenbolle og ein nøttemjølkpose.
Nøttemjølkposen fungerer som ein sil. Hell alt innhaldet frå blenderen i posen, og press ut havremjølka for hand.


Restane i posen kan du bruke til havrekjeks, energibarer, m.m

Hell havremjølka på ei fin glassflaske og oppbevar i kjøleskap. Den er haldbar i ca 5 dagar. Mjølka vil automatisk skilje seg litt når den står i kjøleskapet så rist flaska før bruk, og nyt! 

Havremjølk er god å drikke slik den er, men er og kjempegod i frokostblanding, kjøleskapsgraut, smoothies, milkshakes, supper, i te og kaffi, til baking mm.

(Eg er i farta med å eksprimentere meir med havre, og kan røpe at her straks kjem fleire spanande oppskrifter på b.l.a havremjølk med sjokoladesmak og havrefløte til kaffi/te, m.m)

 

Du får kjøpt alle produkt du treng i oppskrifta + nøttemjølkpose
 hjå Sunkost Volda.

 

Havre og ernæring
kilde: http://www.norskhavre.no/Helse-og-ernaering 

Havre styrker kroppen
Over halvparten av alle vaksne nordmenn har for mykje kolesterol i kroppen. Høge kolesterolverdiar doblar risikoen for hjarte og karsjukdommer, den vanligaste dødsårsaka i vårt land både blant kvinner og menn. Omlag halvparten av alle nordmenn døyr av hjarte og karsjukdommer, framfor alt slag og hjerteinfarkt.

Havre inneheld Betaglukan
Havre senker kolesterolverdiane i blodet gjennom å lage ein slags gele i tarmen. Geleen fangar opp gallesyre og fører den med seg ut i avføringa. Då må ny gallesyre produserast, noko som skjer ved at kroppen omdanner kolesterol til gallesyre. På denne måten reduseres kolesterolet i kroppen.

Havre har langsomme karbohydrat
Karbohydratene i havre er av den langsomme sorten og er betre for kroppen din. Havre kan redusere kostens glykemiske indeks og dermed betre helsa di. Matvarer med lav glykemisk indeks har lav effekt på blodsukkeret. 

Havre er godt for hjartet.
Over halvparten av alle vaksne nordmenn har for mykje kolesterol i kroppen. Kolesterol er et fettliknande stoff som fins naturlig i blodet. Det er nødvendig for å produsere hormonar og vitaminar, for å bygge cellevegger, samt å danne galle. Dagens livsførsel gir oss for høge kolesterolverdiar, som igjen fører til auka risiko for hjarte- og karsjukdommar. Havre inneheld store mengder betaglukanar. Dette er fiber som hjelper oss å redusere kolesterolverdiane, samt å redusere risikoen for å bli ramma av ein av våre mest vanlege sjukdommar.

Havre er godt for magen!
Havre inneheld betaglukan, vassløyselege kostfiber som ikkje berre har gunstig effekt på kolesterolnivaået i kroppen, men også betrar tarmens mikroflora og gir mindre problem med forstopping. Kostfibra bidreg også til at mettheitskjensla varer lenger, slik at ein i mindre grad et for mykje eller unødig ofte. Fullkornsprodukt inneheld ekstra fiber og er dirfor gode val for dei som ynskjer å betre dietten. 

Et og drikk meir havre! 🙂 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *