Lysprega kvardag med Yogi Tea!

Det er noko magisk med å starte dagen med ein varm kopp Yogi Tea.
Når ein opnar ein pose med Yogi Tea vaknar sansane av den gode lukta av økologiske urter som er basert på Indisk medisin, òg kalla Ayurveda, som er ein eldgammal tradisjon. Vi antek at Ayurveda er eitt av verdas eldste lækjingssystem, enno eldre enn kinesisk medisin. Ifølge urteeksperten Rolv er den heile 5000 år gammal.

bildemedtekstsunntrivsel7

Samstundes som teposen er på plass i koppen kan ein verkeleg ta seg tid til å drøyme seg vekk i noet, sette ein intensjon for dagen, og nyte synet av fargane som dansar i tevatnet.

img_20161009_154617

Det er kanskje dei små detaljane i livet som gjer ein skilnad i kvardagen.
På teposen heng det og ein liten lapp, kanskje til og med den finaste lappen du vil få lese i laupet av dagen? På alle Yogi Tea sine teposar står det nemleg ulike ordtak.
“Where there is love, there is no question” stod det på min tepose i dag, og det har fylgt meg resten av dagen med eit smil om munnen.
Alle som er Yogi Tea-fans kan nok kjenne seg igjen i den gleda dei små lappane kan gi i kvardagen.

img_20161009_153535

Namnet Ayurveda har sitt opphav i to indiske ord, nemleg ayur, som tyder liv, og veda, som tyder viten om eller vitskap.

bildemedtekstsunntrivsel3

Yogi Bhajan var mannen som introduserte Yogi Tea saman med ayurvediske tradisjonar til Vesten i 1969. Yogi Bhajan var pioneren innan holistisk helse og Kundalini Yoga. Han serverte studentane sine ei aromatisk krydderblanding av kanel, kardemomme, ingefær, nellik og svart pepar. Den vart først seld i Europa i 1970, og går i dag under namnet “Yogi Tea Classic” som framleis er ein av Yogi Tea sine bestseljarar.
I tillegg til å praktisere yoga og servere te oppfordra han folk dagleg til å leve ein lykkeleg, sunn og medviten livsstil.

bildemedtekstsunntivsel6

Yogi Tea har eksistert i over 40 år, og har heile 44 forskjellige tevariantar i sortimentet sitt.
Akkurat no er dei komne med to smakfulle nyhende “Immun support” og “Green tea matcha lemon” som begge gir fleire helsefordelar.
Begge variantane passar perfekt no i forkjølingssongen og utover vinteren.
Psst: Tek du turen innom Sunkost Volda i laupet av denne veka får du tilbodet
“Kjøp 1 få -50% på nr 2!” Tilbodet varar til 15.oktober.  Alle som kjøper Yogi Tea i kampanjeperioden har òg moglegheit til å VINNE ei fantastisk fin Yogimatte som heng på utstilling i butikken.

img_20161009_162751

Har du lyst til å lære meir om Kundalini Yoga?
Då tilrår eg på det varmaste at du tek turen innom Tindelandet Pilates og Yoga studio i Ørsta. Dei tilbyr både gruppetimar og privattimar og vil denne veka servere smaksprøver på begge nyhenda til Yogi Tea.

img_20161009_162647

“Don’t sleep counting sheep, Count blessings, then sleep” er eit av ordtaka eg praktiserer før eg legg meg om kvelden. Kanskje det å drikke ein kopp YogiTea eller ta eit Yogakurs kan fungere like godt for deg òg?

bildemedtekst5

Alle ordtaka på bileta er tekne ifrå Yogi Tea.
Ta gjerne med deg ein kopp ut og nyt den friske haustlufta.

bildemedtekst4


Namaste.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *