Supermuffins

Dei aller fleste elskar smaken av sjokolade. 
Brukar ein ekte kakao blir ikkje smaken kun endra betre, men i tillegg enda sunnare. Visste du forresten at kakao er supermat

Denne oppskrifta inneheld spanande supermat!
Eg har verken brukt sukker, smør eller egg. Oppskrifta er då 100% vegansk og allergivennleg, og har nettopp difor fått namnet supermuffins.
Muffinsane er heller ikkje alt for søte, og egnar seg godt til både lunsj, på fjelltur, og heime på kaffibordet.
Supermat er utruleg enkelt å få i seg i kvardagen til både middag og dessert. Her gjeld det kun å bruke fantasien.

Har du lyst på noko som smakar godt, og samtidig fyller deg med sprudlende energi? Då anbefaler eg deg til å prøve desse sjokolademuffinsane!

Ingrediensar:

3 ss Navitas Chiafrø
3 dl Navitas kokosblomstsukker
1 dl Navitas hempfrø
1 dl Navitas Kakaonibs
2 dl Navitas Cashewnøtter
7 dl Økologisk Sikta spelt frå Mylnå
2 dl Rismjølk (eller anna valfri mjølk)
6 ss Økologisk kakaopulver frå Aduna 
1 ts Økologisk bakepulver frå Helios
1 dl Økologisk Cocosa extra virigin
1 dl vatn
1 klype Supernature Himalayasalt
1/2 ts stevia med vaniljesmak (eller vaniljepulver)

IMG_20160721_193854

Slik gjer du :

1. Bløtlegg chiafrø i 2 dl rismelk + 1 halv ts steviadråper med vaniljesmak. Rør rundt blandinga i glasset.
Eg brukar chiafrø i staden for egg då dette magiske styrkefrøet inneheld mykje omega3 fettsyrer, kalsium, protein og fiber. Frøet smakar ingenting, men bindar saman deigen slik som egg gjer i oppskrifter. Chia passar perfekt til dei som vil unngå egg i kosten anten om dei har allergi, eller er veganer.
Visste du at  Aztekerne brukte chiafrø og at chia betyr “styrke” ?

2. Finn fram ein bakebolle og tilsett alt det tørre i oppskrifta.

3. Om du vil kan du finhakke cashewnøttene, og kakaonibsa, men om du likar litt tekstur i maten gjer du det enkelt å brukar dei heile slik eg har gjort.

4. Rør inn chiafrø og rismelk-blandinga.

5. Smelt cocosa i ei kasserolle, eller i varmebad slik den blir flytande. 
Rør rundt i deigen mens du tilsetjer cocosaen.

6. Rør godt i heile deigen, og bland deretter inn 1 dl lunka vatn.
Deiga skal no ha blitt klissette og god. 

7. Steikast midt i ovnen på 180 grader i 20 minutt. 
Steiketid kan variere i frå ovn til ovn, men bruk det gamle fyrstikk-trikset så er du heilt sikker på når dei er ferdig stekt.

Sunkost Volda har kampanje på heile Navitas-supermatserien til og med laurdag 23.juli! Dette er ein gyllen muligheit om du også vil sikre deg kvalitetsprodukt til ein super pris.
Har du spørsmål om dei ulike supermatprodukta ta gjerne turen innom, og få med deg eit gratis oppskriftshefte, og kanskje til og med ei smaksprøve eller to?

God sommar!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *