Sunnare godteri til Halloween

Halloween feirast med at born kler seg ut og går fra dør til dør og seier “Knask eller knep?” og får godteri i frå folk i nabolaget.
Halloween handlar om mykje godteri, men kva med å inspirere både born og foreldre til å velge litt sunnare halloweensnacks?
Mitt tips er å teikne skumle andlet på klementinar. Fleire born vil automatisk velge litt sunnare når alternativa er der.

IMG_20151101_193926

Halloween feirast også med utkledningsfest for både born og vaksne. Der har dei som regel pynta med utskårne gresskar, og serverar mykje halloweensnacks. Her gjeld det å vere kreativ!
Sunkost Volda diska opp med smaksprøver på “sunnare marsipankuler” forma som små gresskar. Dette er ein fin aktivitet å gjere saman med borna.
Oppskrifta er leikande lett, og tek lita tid å lage.

IMG_20151101_193502

Du treng:
– 1 pose mandelmjøl
– Lønnesirup (eller anna søtning)
– Cocosa extra virgin
– Eventuelt litt konditorfarge  (orange og grønt)

Slik gjer du:
Putt ein pose med mandelmjøl i ein bolle.
Smelt kokosfeitt i eit varmebad.
Søt til med lønnesirup.
Bland saman alle ingrediensane med valgfri søtning til du får ein fast deig.
Tilsett eventuelt litt konditorfarge om du vil det. Trill til kuler, teikn på strekar med ein kniv, trykk litt flate, og pynt til slutt med ein stilk på toppen.
Oppbevarast i kjøleskap.

IMG_20151101_193531(Foto: Sunkost Volda )

Happy Halloween! 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *