Knekkebrød med bokveite

Å lage sine eigne knekkebrød er både enkelt, billig, sunt og godt!
Med denne oppskrifta får ein to heile steikebrett med sunne godsaker.
Visste du at bokveite eigentleg ikkje er eit kornslag?

IMG_20151012_190310

Bokveite er ei Sibirsk nøtt som stammar i frå slireknefamilien og er naturleg glutenfri. Bokveite har eit høgt innhald av protein og lysin som er ei essensiell aminosyre som kroppen sjølv ikkje kan produsere, som ein då må få i seg gjennom kosthaldet. Bokveite inneheld mykje kostfiber og er lett fordøyeleg, og er godt egna som diettmat. Det inneheld også silisium, jarn, fosfor, kalium, kalsium, og magnesium. I tillegg har eg valt å booste oppskrifta med hempfrø og chiafrø!

IMG_20151012_185936

Mylnå i Volda (Volda Elektriske Mylne) har no laga eit lite parti av sammalt bokveitemjøl, og valsa bokveiteflak til helsekostbutikken Sunkost Volda.
Partiet er produsert i same lokale som andre kornslag og kan innehalde spor av gluten. Volda El. Mylne leverer førsteklasses produkt til dine bakeverk. Produksjonsmåten er unik og er tufta på gamle tradisjonar. Dette skaper eit miljøvennleg produkt.

IMG_20151007_124953
Oppskrift:

Du treng:
– 500 dl valsa bokveite
– 500 dl steinmalt bokveite
– 1 dl Navitas hempfrø
– 1 dl Navitas chiafrø
– 1 liter vatn
– 1 ts Supernature himalayasalt

IMG_20151012_190336

Slik gjer du:

1.Bland saman alle ingrediensane med ei kjøkkenmaskin. Lat stå å kvile i ca 10 minutt til deigen har blitt klissette.

2.Bruk ein slikkepott dyppa i varmt vatn og fordel utover 2 steikebrett med bakepair.

3. Riss opp i ruter med ei pizzarulle.

4. Steik begge bretta i ovnen samtidig på 160 grader i 1 time og 15 minutter.
Steiketida kan variere frå ovn til ovn så her gjeld det å følge med.
Etter halve steiketida er gått, tar du ut bretta og risser opp rutene på nytt før du bytter plass på bretta.

IMG_20151012_185838

Vel Bekomme!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *