Raw vegan energikuler med supermat!

Heimelaga energikuler er ein perfekt liten treat i kvardagen.
Dei er enkle å lage og tek lita tid. Energikuler er smart å lage når ein treng litt ekstra engeri. Eg har laga tre variantar som egnar seg like godt til turmat, mellomåltid, snacks, dessert, eller som ein ekstra godbit i lunsjpausa på jobben.

Alle tre variantane har same grunnoppskrift, men utgir ein betrakteleg stor forskjell i smak då eg har rulla dei i tre ulike supermat-strøssel. Det som eg likar best med engerikuler er at ein kan variere og lage nye variantar med små endringar. Alle ingrediensane får du tak i hos helsekostbutikken Sunkost Volda.




IMG_20151004_152632

1. Varianten er med strøssel frå Supernature Kinesisk balanse te
Den har ein nydeleg smak av lakris!  Teens unike urtekombinasjon gjer den
faktisk nesten like oppkvikkande som kaffe. Ikkje berre er den god på smak, men er kjent for å gi kroppen balanse, avgiftning, utrensning og oppbygning.

 

IMG_20151004_155728

IMG_20151004_155702


2. Varianten er dekt med herleg rå Gula java kakaopulver
Det er eit av mine favorittprodukt på grunn av den gode karamellaktige smaken i frå kokosblomstsukkeret den er søta med. Rå kakaopulver gir deg ekstra mental styrke når fysisk fokus er viktig.

 

IMG_20151004_154929

 

IMG_20151004_153044

 

3. Varianten er med ein frisk smak av Navitas Granateplepulver
Også kalla Middelhavets juvel på grunn av sine glitrande rubinraude frø. Visste du at granateple er ein kraftig antioksidant og at egypterane ansåg den som ein heilag frukt?

IMG_20151004_154528

IMG_20151004_154717
For å lage 30 små energikuler treng du:
– 1 pose  Demeter dadler
– 4 ss Gula Java kakaopulver
– 4 ss Økosjokolade Yaconsirup
– 4 ss Amanprana Extra Virgin Kokosolje
– 4 ss Vatn
– 2 never Navitas Cashewnøtter

Til strø treng du også:
Supernature Kinesisk balanse te
Navitas Granateple pulver
Gula Java kakaopulver

IMG_20151004_153239

Slik gjer du:

1.  Smelt kokosolje i eit varmbad.
2. Hakk opp dadler, og bland saman med vatn i ein foodprosessor.
3. Tilsett yaconsirup, kokosolje, og kakaopulver.
4. Bland til det har blitt ein klissette deig. Grovhakk cashewnøtter og rør inn med ein slikkepott.
5. Fukt hendene med varmt vatn og form deigen til kuler. Deigen kan virke veldig klissette men på grunn av kokosolja vil den stivne i kjøleskap.
6. Trill kulene i forskjellig strøssel og oppbevar i ein luftett boks i kjøleskap. Kulene kan stå ca ei veke. Kan også frysast.

IMG_20151004_181329


Energikuler kan nytast saman med ein kopp te. Ekstra stas med å nyte teen i mitt nye krus i frå Sunkost Volda Det kostar kun kr 49,-
Der for du også 2 for 99,- på all Pukkate.
Kva er din favoritt te?

Vel bekomme! 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *