RAW Supersyltetøy med gojibær & bringebær

Har du lyst til å nyte eit syltetøy som verken inneheld raffinert sukker, animalske produkt eller konserveringsmiddel? Kva med å lage di eiga RAW supersylte proppfull av supermat?
Det er superlett, supersunt og tek kun nokre få minutt!

IMG_20150821_182404
Eg elskar bringebær og gjekk til innkjøp av ei heil kasse. Eg valte å kjøpe lokalproduserte bringebær i frå Ryen gard. Kanskje har du ein lokal bonde i ditt nærområde som du kan støtte? Innkjøp av ei stor kasse med bær passar perfekt dersom ein vil lage mykje syltetøy som ein også kan fryse ned.

IMG_20150821_184551
RAW Supersylte (1 krukke)
1 korg Bringebær
2 dl Supernature Gojibær
5 ts Steviosa Sukker
5 ts Supernature Lecithin

Du treng kun en gaffel og ein kjøkkenbolle. Knus saman alle ingrediensar til ein konsistens etter eige ønskje og hell over i eit flott Norgesglass, eller di favorittkrukke. Om du ønskjer kan du doble oppskrifta og fryse ned fleire ferdige porsjonar av din eiga supersylte!

IMG_20150821_184340
Eg er også stor fan av Supernature sine gojibær!

10 gode grunnar til å ete gojibær:
– Gir uthaldenheit og energi
– Brukt i Kinesisk medisin
– Antioksidant
– Antiinflamatorisk
– Senker kolesterolet
– Beskyttar levra og gir betre nyrefunksjon
– Muskelmat
– Beskyttar skjelettet
– Reduserar søtsug
– Motverkar kronisk betennelse og revmatisme

IMG_20150821_183641

IMG_20150821_183330

TIPS: For å få ein nydeleg smak og creamy konsistens på sylta har eg brukt Supernature Lecithin. Det gjer også underverk i dessertar, smoothies, energikuler og RAW kaker osv. Fleire har spurt meg om korleis eg får mat til å smake som fløyte når det ikkje inneheld mjølk. Lecithin er eit supert tips til deg som vil lage mat utan mjølkeprodukt.

IMG_20150821_183915

Du får kjøpt Supernature Lecithin og gojibær hos din lokale helsekost.
facebook.com/sunkostvolda  Instagram: @sunkost.volda

IMG_20150821_183751

 

Har du prøvd supermat i syltetøy før? Del gjerne oppskrift i kommentarfeltet.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *