Maca + Kakao = Macao!

Mmmm…Macao! 

Gjer som maya-indianarane og drikk kakao! Visste du at dei kalla kakaotreet “kakaw” som tyder “det gudane inntar” ? Det var maya-indianarane som dyrka kakaotreet aller først. Mayaane hadde eit flott utvikla samfunn i Amazonas jungelen i Sør Amerika. Dei lagde kakaodrikk av kakaobønnene, men ikkje slik som vi kjenner den i Norge. Den var veldig bitter fordi den ikkje var tilsatt sukker.
Dei verdsatt kakaobønnene så høgt at det blei nytta som betalingsmiddel.
 

Eg har kombinert kakao frå maya-indianarane og Maca frå inka-indianerane!
Resultatet blei min eigen variant som eg kallar “Macao” 🙂 
Dette er etter mi meining ein fantastisk styrkedrikk som egnar seg godt å ta med på tur, drikke før trening, eller når enn ellers treng eit lite energikick eller når søtsuget melder seg. 

Oppskrift på Macao:

5 ss G&B kakaopulver
1 ss Maca 
1 ss Tahini 
1 ss Honning
5 dl Rismelk

Slik gjer du:
Bland saman alle ingrediensane i ei kjele. Rør godt. Obs: Det skal ikkje koke! 
Eg elskar tahini, og eksprimenterte med å tilsetje dette i kakao. Reslutatet blei ein creamy og nydeleg nøtteaktig kakaodrikk som gir meir mettheitskjensle. Dette er vel mitt svar på kakaoen sin variant av  “bulletproof coffee” (også kalla feittkaffi) som er i vinden no.


Kva med å prøve denne kakaoen neste gong du skal ut på tur? 
Det gjorde eg! Her på Sunnmøre har vi flott natur, og det er alltid godt å ha med seg litt ekstra energi som både smakar godt, og gjer godt.

Eg er litt geek og elskar historie, så vil du lese og lære meir om kvifor eg er så fan av desse to hovudingrediensane kan du trykke på Kakao og MacaLidenskapen min for kakao fekk eg i Mai 2012 då eg og faren min besøkte eit sjokolademuseum i Canada. Der fekk eg sjå og lært korleis ein lagar ekte sjokolade av kakaofrukta!

Eg var nyst på Bali i desember 2017 og sertifiserte meg til Rawfood Chef, og der fekk eg endeleg sjå eit ekte kakaotre, og smake på ferske kakaobønner! 
Det var ein kul opplevelse å kunne sjå korleis kakaotreet veks, og korleis den ferske ubehandla frukta smakar.

Bilete er lånt i frå https://media1.britannica.com sidan eg ikkje har fått overført alle bileta mine i frå Balituren yet.

Eg møtte også på Maca på kjøkkenbenken på Bali, men det har ikkje vert å få tak i her til lands før Marius Blomstervik og Monica Tomassen i frå Msm Norge fekk det lovleg etter 2-års ventetid! Hurra for norske forhandlerar, og hurra for eit endra regelverk! Eg vil anbefale alle som har tenkt å kjøpe Maca å kjøpe Full spectrum Maca i frå desse to då det er på grunn av dei at vi no får kjøpt alle muligens maca-produkt i Norge. 
Bur du på Sunnmøre får du kjøpt Fullspectrum Maca hjå Sunkost Volda

 

Advarsel:
Denne drikken kan vere “avhengigheitsskapande” Heheh… 😉
Eg har fått heilt dilla på denne oppskrifta! 
I det siste har eg til og med laga meg kakao til frukost. 
Eg merkar at eg får meir energi, og eit ekstra driv på arbeidsplassen min om eg startar dagen med Macao. 

Nyt dagen! 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *