Maca + Havregryn = Energi!

Er du ute etter ein god frukost som gir deg energi ut dagen? Norsk havre og Peruansk Maca er skikkeleg trendy på frukostbordet i 2018!
Prøv
 ein ny vri på den tradisjonelle havregrauten med nydeleg smak av friske epler, vanilje og kanel. Nam!

Vi nordmenn elskar å ete havregraut til frukost og lunsj. Omlag 600.000 nordmenn et denne populære livretten kvar veke! 

Visste du at heile 72% av alle som et havregraut brukar søtning på grauten? Dette på grunn av ekstra smak og for å få energi ut dagen. 
Eg har laga min eigen vri på den tradisjonelle havregrauten, og i denne oppskrifta har eg lagt vekt på nyst dette: smak og energi! 

Til 2  porsjonar treng du: 

– 3 dl Økologisk Platetørka Havregryn frå Mylnå
Platetørka havregryn i frå Volda El. Mylne  som er den aller siste bygdemølla i Norge. Havregyna er produsert av norsk , økologisk havre. Det blir tørka på ei platetørke i frå 1930-talet. Havregryna får då preg av den gode, gamle ”brentsmaken” som gryna hadde i gamle dagar. Min favoritt!

– 3 dl Mandelmjølk med vaniljesmak
Dette kan du enkelt lage sjølv, eller kjøpe ferdig hjå din lokale helsekost eller daglegvarebutikk.

– 3 dl Økologisk eplejuice
Dette kan du lage sjølv på juicemaskin, eller kjøpe kaldpressa juice på butikken.

1 klype himalayasalt  
(eller smør)
Himalayasalt inneheld mineral og sporstoff som kroppen treng. Det kan regulere vatnbalansen i kroppen, kan auke eit lågt blodtrykk. Himalayasalt har og naturleg jod som er viktig for stoffskiftet.

– 1 ss Økologisk Full spectrum Maca 
Dette er den kulaste supermat-nyheita til MSM NORGE! Dette er eit “must have” til alle som treng meir energi i kvardagen. Les meir om Maca i min tidlegare post her. (Obs: Dette er ikkje eit sponsa innlegg! Eg berre elskar å reklamere for produkter eg meinar folk burde prøve, som eg sjølv nyttar. Dette er i tillegg to nordmenn som står på hardt for å få godkjent diverse kosttilskot i landet! Dei brukte heile TO ÅR på å få Maca lovleg i Norge. Vi er bra heldige som no får kjøpt dette. Les heile prosessen for å få godkjent maca her )

Slik gjer du: 

Kok opp alle ingrediensane i ei kjele til du har fått ynskja konsistens. Blir grauten for tjukk kan du tilsetje meir mandelmjølk eller vatn. 


Topping:

– 1 økologisk eple 
Hakk opp i terninger, og strø på toppen.

Ceylon kanel 
Kan gi deg mindre søtsug! Eg brukar alltid ceylon då dette inneheld log kumarin. I tillegg har den eit høgt innhald av antioksidanter og er rik på spesielt mangan. Kanel stabiliserer blodsukkeret og kan difor vere gunstig for diabetikerar.

– Eventuelt meir søtning om du ynskjer det.
Eg får nok søtsmak av mandelmjølk med vanilje!

NYT!

“Maca er byggesteinen til meir energi i kvardagen” – Janne Moe 

Du får kjøpt ingrediensane hjå Sunkost Volda

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *