MACA er berginga!

Er du trøytt og sliten, og på jakt etter meir energi  i kvardagen? Eller er humøret på botnen? Maca er berginga! Endeleg er den verdifulle skatten tilgjengeleg her til lands! 

Foto: Janne Moe “Liadalsnipa”

Men kva i alle dagar er Maca?
Maca er ei supermat-rotgrønnsak som veks heile 4500 moh i Andesfjella i Peru. Der har dei nytta Maca i over 2000 år til både menneske og dyr.
Maca er høgt skatta på grunn av det høge næringsinnhaldet, til og med så verdsett at Inka-Indianarane åt det før kamp.

Foto lånt i frå: https://i.pinimg.com 

Maca er vegen til meir energi og stamina! 
Den populære rotgrønsaka blir ofte kalt peruansk ginseng dette på grunn av dei samanliknbare eigenskapane. Forskjellen er at Maca er eit adaptogen, som auker kroppens evne til å tilpasse seg stress, og utøver ein normaliserande effekt på kroppens funksjonar.

 

Foto: https://cdn.shopify.com

Helsefordelar:

Maca er mest kjent for å gi stamina og energi! Fleire idrettsutøverar tek Maca for å yte sitt beste. Sliter du med lite energi i kvardagen, eller ynskjer meir driv på trening, og i andre samanhengar kan du eksperimentere med å ta Maca som tilskot! På bilete over ser du korleis tørka macapulver ser ut.

Tørka, gelatinisert Maca frå MSM NORGE inneheld ca.60-75% karbohydrat, 10-14% protein og 1-2% feitt. Den inneheld ei rekkje sterolar, inkludert sitosterol, campestrol, ergosterol, brassicasterol og ergostadienol. Maca er og ei god kjelde til næringsstoff som jarn, magnesium, kalsium, sink, C-vitamin og vitamin B2 og B3. 

Foto: wikipedia

MACA KAN:
– Styrke immunforsvaret
– Hjelpe hudhelsa! Fleire som slit med kviser og ureinheiter opplev betre og finare hud når dei nyttar Maca i kosthaldet. 
– Auke libido hjå menn og kvinner
– Gi meir uthaldenheit
– Balansere hormonar
– Redusere stress
– Stimulere fertiliteten 

Growing Maca Root - Lepidium Meyenii
Foto: http://www.macaguru.com/tips/growing-maca

NÆRINGSINNHALD pr 100g:

(Obs: Inneheld ikkje gelatin. «Gelatinisert» betyr at stivelse er redusert.)

Energi: 342,9 Kcal
      Jern: 8mg 
Feitt: 1g
Magnesium: 85mg
Mettet feitt: 0g
Kalsium: 500mg
Karbohydrat: 70g
Sink: 4mg
Sukkerarter: 63g
C-vitamin: 25mg
Kostfiber: 4g
Niacin(B3): 10mg
Protein: 12g
Riboflavin(B2): 0,80mg

 

Korleis nyttar ein Maca?
I Peru brukar dei rotgrønnsaka til mat, og te. I Noreg brukar vi tørka pulver av Maca som kosttilskot. 
Du kan ta så mykje du vil, men eg vil anbefale å starte med 1 ts, og heller gradvis auke dagsdosen. Fleire opplever at det ikkje er så mykje som skal til for å merke meir overskot av litt Maca i kvardagen. Dei fleste rører pulveret ut i juice, te eller smoothie, men eg kjem til å dele mine beste tips her på bloggen framover til korleis ein kan få i seg meir Maca i kvardagen med spanande oppskrifter! Så følg med dei komande dagane! 🙂 

Sneakpeek:


Eg elskar å vere i aktivitet og fylle på med energirik maca, og kjem til å legge ut oppskrift på bl.a. turmat som kakao og energibars osv. Her kan du sjå ein liten sneakpeek av ei av oppskriftene.

http://www.medicinehunter.com

Kva type Maca skal du velje?
Du kan dykke i eit hav av forslag på internett, og du kan velje i mellom 3 typer Maca, ein svart, raud og gul. Alle har kvar sine unike eigenskapar. Eg vel å kjøpe økologisk Full Spectrum Maca i frå MSM NORGE då den inneheld alle tre! Dette for å kunne gi eit komplett Macaprodukt i pulverisert form, yes! I tillegg er denne gelanisert – som tyder at dei har redusert ein del av stivelsen i produktet. Fleire personer med fordøyelsesvanskar klarer då å fordøye rotgrønnsaka. Bor du på sunnmøre får du kjøpt denne hjå Sunkost Volda.  

 

” MACA – Er rota til alt godt! “ – Janne Moe

<3

Foto: Janne Moe

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *