Heimelaga Energibars med FiberSirup

IMG_20150613_165402
Kven har vel ikkje drøymt om å kunne ete ein saftig energibar som både smakar godt og gjer godt? Akkurat no har Funksjonell Mat (Produsenten bak Sukrin) lansert to nye spanande produkt: FiberSirup Clear & FiberSirup Gold

Kva er FiberSirup?
FiberSirup er ein søt sirup av nyttige prebiotiske fiber som både smakar godt og gjer godt for heile kroppen. Den blir laga av eit plantefiber som heiter isomalto-oligosakkarid (IMO-sirup).
Fibersirup har heile 70 g fiber og kun 5 g sukkerartar per 100 g
som gjer at det automatisk blir eit sunnare alternativ til sirup og honning. Fibersirup er eit vidundermiddel som egnar seg utmerket i blant anna heimelaga energibarar. (Heimelaga oppskrift lengre nede på sida)

bloggbilde fibersirup
FiberSirup Clear er ein allsidig ingrediens i baking og matlaging. Den gir ein god søtsmak, og kan for eksempel bidra til at kjeks og cookies får ei sprø utside og ei mjuk kjerne. Framfor alt er Fiber­Sirup Clear eit vidundermiddel i heimelaga barar. Den gir barane både søtning, perfekt konsistens og ein god dose fiber. FiberSirup Clear er 60 % so søt som sukker.

FiberSirup Gold er tilsett ei lita mengd stevia og malt­ekstrakt. Den har ein gyllen farge og ein fyldig søtsmak. Fiber­Sirup Gold er eit sunnare alternativ til honning og sirup, og er ideell over pannekaker, yoghurt, graut, bær, is og dessertar. FiberSirup Gold er like søt som sukker/sirup.

IMG_20150613_164658

Oppskrift på energirike proteinbarar som har ein toffee-aktig konsistens med smak av peanøtt & karamell. Oppskrifta er glutenfri.

Ingrediensar til ca 30 stk små energibarar:
– 450g FiberSirup Clear
– 10 toppa ss Funksjonell Mat Peanøttmel
– 10 toppa ss økologiske peanøtter
– 1/2 ts Supernature himalayasalt (fint)
– 5 toppa ss Supernature Soyalecithin
– 5 toppa ss Ris protein med vaniljesmak
– 2 stk Green & Blacks kvit sjokoladeplater

IMG_20150613_162121

Slik gjer du:
Varm opp sirupen i nokre sekund i mikrobølgeovn til den blir heilt flytande. Bland deretter sirupen i ein foodprosessor eller bakebolle med alle ingrediensane og form til barar (eller kuler etter ønskje) med hendene.
Legg dei gjerne på eit bakepapir då dei er noko klissette og sett dei i frysaren.

Tips til oppbevaring:
Dei ferdige barane held seg aller best i frysen då dei lett “smeltar” i romtemp.
Ta opp nokre minutt før servering. Barane kan også oppbevarast i kjøleskap.

IMG_20150613_165800
Topping:
Her kan ein verkeleg variere og være kreativ!
Eg har valt kvit sjokolade då dette er min favoritt. Smelt sjokoladen over vannbad. Ta ut dei fryste engergibarane og dekorer med herleg kvit sjokolade!
Mitt aller beste tips er å alltid fryse ned det ein ønskjer å ha sjokoladetrekk på. Då festar sjokoladen seg fortare, og det blir enklare å jobbe med.
Varier gjerne med strøsselet. Eg er stor fan av supermat og meinar at det absolutt fortener ein plass i oppskrifta. Supermat gjer at ein enkelt kan få i seg viktige næringsstoff. I denne oppskrifta får du blant anna i deg mykje protein, fiber, sunne fettsyrer, antioksidanter, god energi i frå B- og E-vitaminar, Vitamin A og C, sink, jarn og magnesium.
Eg har brukt: Gojibær, kakaobitar, mulberries, goldenberries, mandler, mørk sjokolade, peanøtter, osv.

fibersirup_Sunkost_Volda
Du får kjøpt Fibersirup på Sunkost Volda

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *