RAWFOOD til middag?

Alle har godt av å ete rein, rå og levande mat for ekstra energi og velvære!
Kva med å prøve denne raw vegan salaten? Oppskrifta finn du lenger ned på bloggen. Denne middagen er lett fordøyeleg og allergivennleg. Ikkje minst tek det lita tid å lage salat som er både mettande og velsmakande.

Allergivennleg:
Oppskrifta inneheld verken gluten, soya, mjølkeprodukt eller prossesert mat. Lett fordøyeleg og gir rask energi. 

13936665_10157221657650282_549235920_n
RAWFOOD – kva er det?
Du har kanskje høyrt begrepet før, men kva er eigentleg rawfood?
Rawfood har sakte men sikkert tatt Norge med storm! Fleire ønskjer meir engeri i kvardagen noko som denne livsstilen er kjent for. Rawfood er ein vegansk diett som består av ubehandla veganmat som ikkje har blitt varmebehandla over 41 grader Celsius (115 grader Fahrenheit).

Det vil sei at ein ikkje kokar maten sin, men et den rå, fersk og ubehandla i si aller mest naturlege form.
Rå økologisk mat inneheld som regel betre næringsstoff, enzym, mineralar osv. Nokre menneske lever på ein 100 % råmat diett. Andre et ein andel råmat for eksempel 80 % råmat og resten ikkje. Uansett kor “rå” ein er, så anbefalar eg å prøve å inkludere meir rawfood i kvardagen.

13933044_10157221660235282_2104728060_n
Kvifor ete RAWFOOD?

Rawfood har fleire helsefordelar som både kan helbrede og balansere kroppen. Veldig mange et rawfood for å balansere og styrke det emosjonelle, mentale, og spirituelle. Fleire opplever at ein får betre kontakt med seg sjølv.

✨ Rawfood gir deg ei sunn og balansert vekt. Eit plantebasert kosthald med mykje fiber og lettfordøyeleg mat viser fort igjen på kroppen.

✨ Vakker hudhelse! Rawfood gir deg klar og rein hud. Fleire opplever å få ein ekstra glød i huda, og faktisk mindre rynker. Fleire et Rawfood saman med supermat på grunn av den anti-aldrande effekta.

✨ Detox – Ein naturleg avgiftingsprosess. Opplev den gode effekta av detox! Kroppen kvittar seg med gammalt grums når ein et friske rå grønnsaker.

13883695_10157221657370282_1164954292_n
Oppskrift til ein superenkel RAWFOOD MIDDAG! 

Til den grøne salaten brukte eg: 
– Grøn økologisk salat
– Økologisk spinat
– Økologisk basilikum
– Økologisk bladpersille

Hot Salsa:
– 1 stk økologisk rød løk
– 1 stk økologik chili
– 3 stk økologiske tomatar
– 1 fedd økologisk kvitløk
– Dryss over estragon krydder, salt og pepper.
Hakk opp alle ingrediensane, og server i ei skål.

Avokado Hummus:
– 1 halv boks økologiske kikerter
– 1 økologisk avokado
– 5 basilikumblad
– 5 grøne oliven
– litt kaldpressa økologisk olivenolje
– 1 ss næringsgjær
– smak til med salt og pepper
Bland saman alle ingrediensane i ein food prosessor. 
Her kan du variere med krydder i det uendelege. Smak til slik du likar det. 

Nøttekjøtt:
– 1 pose pistasjenøtter usalta
– 1 halv pose pinjekjerner
– 1 halv boks kikerter (resten av boksa du brukte til hummus)
Miks i ein bolle saman med kaldpressa olivenolje, paprikakrydder, cumin, og eventuelt salt og pepper.

Grøn Mix:
– 1 agurk
– 1 paprika
– Oregano
Enkel mix av tilfeldige ferske grønnsaker. Finn fram det du har, og bruk fantasien!
Eg var så heldig å få fersk tomat og agurk i frå Urke gartneri i dag.

Topping og tilbehør:
– Svarte sesamfrø
– Hempfrø
– Balsamicosaus
Her gjeld det å bruke kreativiteten! 

13900810_10157221660510282_562723972_n
Mine personlige erfaringar med Rawfood:

Heilt på nyåret av 2014 starta eg med eit prosjekt der eg ville prøve å ete 100% raw vegan i ein månad for å sjå kva effekt det ville gi meg. Ut i frå det eg hadde lest og sett på nettet var eg meir enn nok inspirert til å hive meg rundt å rawkin’ it! Då eg fyrst skulle prøve ut dette valde eg å kutte heilt ut kaffi, alkohol, og anna prossesert mat som ikkje går under rawfood kategorien.

Desse effektane merka eg av forsøket:

– Auka engeri
– Ekstremt klar i tankegongen
– Veldig energisk og godt humør
– Balansert og glad
– Finare hud (dette fekk eg mest kompliment for)
– Vektnedgang (dette la også folk fort merke til)
– Faktisk.. kvitare tenner. Kven skulle tru det?
– Vakna alltid opp heilt utkvilt om morgonen
– Inspirer og bli inspirert. Fleire og fleire sende meg personlige meldingar på Facebook og oppsøkte meg på arbeidsplassen for å spørje kva “hemmelegheita” var, og kva eg heldt på med. Dette enda opp med at eg måtte lage meg instagram for å demonstrere kva rawfood var.
(Heilt nederst på profilen min ser du starten av rawfood reisa.)
Eg klarte prosjektet mitt med å ete raw i ein månad, og heldt det gåande mykje lenger på grunn av trivsel.
Per dags dato er eg ikkje 100% raw, men eg trivast aller best med å ete mest muleg raw. Det heile handlar om balanse. Et det som gjer deg glad. I Norge er det kaldt om vinteren, og då kan det vere godt å kose seg med varm suppe og ein god kopp te.

Vil du ha meir inspirasjon til å ete Raw? Sjå utvalgte linker her:
Helsefordelar med Rawfood? Bli inspirert her!
Følg Rawfood folk på youtube! Bli inspirert
Sjå Dokumentaren “FOOD MATTERS”
RAWFOOD – bok av Trine Berge fåast kjøpt på Sunkost Volda

Rawk it!
JM

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *