Drikk deg skjønn med skjønnheits-smoothie!

No kan du skinne heilt i frå innsida til utsida! Gi hud, hår og negler ei ekstra oppmerksomheit med denne oppskrifta.

Fleire kjenner til at eit plantebasert kosthald kombinert med spanande supermat kan gi store fordelar for bl.a. utsjånaden. Med denne oppskrifta vil du i tillegg styrke immunforsvaret og forhåpentligvis gi humøret ein skikkelig boost! Mine favorittar er supermatfrukta i frå Baobab-treet også kjent som “the feel good fruit”,Gojibær, og kosttilskotet MSM også kjent som “skjønnheitsmineralet”.

smoothhi

Oppskrift:

Når eg lagar smoothie blir det som regel ikkje målt opp i dl, men tatt litt på sparket. Det fungerar best for meg. So her må du berre prøve deg fram, alt ettersom om du likar smoothien din tjukk eller tynn osv.


smoothiebeautyy
Du treng:
– Ca 10 stk frosne jordbær
– Økologisk appelsinjuice
– 1 stk Økologisk banan
– 1 handfull med Navitas Gojibær
– 2 ts Aduna Baobab
– 1/2 ts REN MSM pulver

slik gjer du:
Putt alt i ein blender med appelsinjuice heilt til slutt. Prøv deg fram til kor mykje væske du treng for å klare å blende saman ingrediensane.

Pynt med gojibær og nyt.
Alle ingrediensane får du tak i hos Sunkost Volda

 

baobabmsm2

BAOBAB er fukta i frå det majestetiske Afrikanske Baobab treet. Frukta tørkast på ein heilt naturleg måte mens den heng på treet, for so å bli hausta og omgjort til det næringsrike supermatpulveret. Aduna Baobab-pulveret er ein rik kjelde til vitamin C, antioksidantar og fiber. Frukta har ei sitruslignande smak som ofte er beskreve som ein kombinasjon av pære, grapefrukt, karamell og vanilje. Personleg synes eg smaken minner litt om ananas.

 

Bruksområder til Baobab: Smoothies, müsli, graut eller foreks. i yoghurt.(Kilde er henta i frå denne nettsida)

 

 

 

MSM:
endeleg er det kome eit 100% reint MSM produkt på marknaden i Noreg!
Kva er MSM eigenetleg og kva gjer det for skjønnheita?

MSM tilfører kroppen organisk svovel.
Svovel er eit essensielt mineral, på same måte som magnesium og kalsium. Mange kallar svovel «det gløymte mineralet», fordi det so sjeldan nevnast saman med dei andre essensielle mineralane. MSM er lett opptakeleg, heilt trygt å bruke, og kan nyttast rutinemessig som ditt daglege kosttilskot.
MSM er også kjent for å vere godt for hud, hår og negler, siden svovel er ein viktig bestanddel av proteinet keratin. Mange kallar det derfor «skjønnheitsmineralet».

Visste du at MSM  også reduserer rynker? Sjå video

Psst: Sjekk ut oppskrifta på “Skjønnheitskuler med MSM”
renmsmjannemoe



goji-berriesGOJIBÆR:

Det er sagt at Gojibær har blitt brukt i tradisjonell kinesisk medisin i over 2000 år på grunn av sine mange helsebringande fordelar. No har gojibær tatt Noreg med storm! Ikkje berre smakar det fantastisk, men det lille raude bæret inneheld veldig mykje næring og antioksidanter som er strålande for immunforsvaret pga det høge nivået av vitamin C.

Gojibær innheld 20 forskjellige vitaminar og mineralar, også betakaroten som gir deg ein fantastisk glød i huda. Det er også sagt at bæret skal ha ei anti-aldrande effekt på huda.
(Kilde: navitas naturals)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *