Sukkerfrie og Veganske Fastelavnsbollar!

Det er Fastelavn på Søndag og fleire gledar seg til å “sette tenna i” ein velsmakande fastelavnsbolle!
I Noreg blir fastelavn markert med pynta bjørkeris og fastelavnsbollar med krem og sylte.

I år har eg prøvd ein sunnare og allergivennleg variant på bollane som er heilt utan raffinert sukker, egg, og mjølk.

Oppskrift under bildet:fastelavn
Oppskrift til ca 2 brett med bollar:

Du treng:
1,2 liter sikta økologisk kveite frå Mylnå
1 pakke tørrgjær
200g mjølkefritt smør (Berit Nordstrand sitt er vegansk og smakar kjempegodt!)
4 dl økologisk rismjølk (eller anna plantemjølk)
5 ss Steviosa Sukker
1 ts økologisk kardemomme

Du treng også:
Sukrinmelis til strøssel
– Valfri krem/fyll/sylte

Slik gjer du:
1. Bland saman dei tørre ingrediensane i ein bakebolle.
2.  Smelt smør i ei lita kasserolle, og tilsett rismjølk og steviosa sukker og visp rundt. Skru av plata og vent til blandinga har blitt fingerlunka før du blandar det i resten av deigen.

3. Blir deigen for klissette, jobbar du inn meir mjøl etter behov. Dekk til deigen med plast og lat heve i minst 30 min. Eg brukar å la det heve 1 time då mjøl i frå Mylnå ikkje er behandla, og inneheld mindre gluten. Det gjer også at ein kan oppleve mindre oppblåstheit og ubehag i magen, noko som er perfekt for dei som reagerar litt på vanleg kveitemjøl.

4. Sett på ovnen på 200 grader.
Del opp deigen og trill bollane til ønska storleik på 2 brett, og etterhev medan ovnen blir varm.

5. Steik i  ovnen på ca 10-15 min avhengig av kor store du har laga bollane, og kva ovn du har.

Alle ingrediensane inkludert mjølet i frå Mylnå kan kjøpast hjå Sunkost Volda

Vel Bekomme!

Kva er dine tradisjonar på fastelavn? 🙂

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *