Sunne havrekjeks med urkorn

Jula er rett rundt hjørnet og fleire har starta på julebaksten.
Det blir fort mykje sukker og søtsaker som tappar deg for energi. Sjølvsagt skal ein kose seg i jula, men kva med å gi deg sjølv og dine nærmaste ein god smak av energi som òg er spekka med sunne næringsstoff?

Denne oppskrifta er vegansk og sukkerfri. Eg har bytta ut smør med sunne feittsyrer i frå cocosa. Chiafrø har erstatta egg, og steviosa har erstatta sukker.
For å gjere kjeksa ekstra næringsrike har eg tilsett supernature gojibær, og mine favorittnøtter.

bilde4

Oppskrift til ca 50 kjeks

Du treng:

1,5 ss chiafrø
3 ss steviosa
1 ts vaniljepulver
1 dl cocosa extra virgin
1 ts bakepulver
1/2 ts Supernature himalayasalt
1/2 ts ceylon kanel
1,5 dl steinmalt emmermjøl
2 dl Platetørka havregryn frå Mylnå
1,5 dl nøtter. Eg brukte valnøtter, hasselnøtter og mandler.
1 dl vatn
1 dl Supernature gojibær

bilde1

Slik gjer du:

1. Start med å legge chiafrø i  eit glass med ca 0,5 dl vatn. Lat det ligge i minst 10 minutt til det har danna seg til ein gelè. Det vil få samme effekt i baksten som egg. Chiafrø inneheld mykje protein, kalsium og omega-3 feittsyrer.

2. Smelt cocosa i eit varmebad. Rør saman coocsa, steviosa og vaniljesukker med ein visp.

3. Tilsett deretter litt kanel, bakepulver og himalayasalt.

4. Bland saman emmermjøl, havregryn, nøtter og gojibær.

5. Tilsett vatn. Deigen skal være litt klissette.

6. Lat deigen kvile i 5 minutt.

7. Dekk to brett med bakepapir, og fordel små klattar utover bretta.
Her kan du bestemme om du likar tynne og sprø kjeks, eller om du vil ha dei litt steige med tyggemotstand. Eg gjekk for det siste alternativet.
Trykk dei til flate rundingar med ei skjei.

8. Steik langt nede i ovnen på 180 grader i ca 10-20 minutt ut i frå kva komfyr du har. Kvil kjeksa litt på brettet før du legg dei på ei rist.
Oppbevar kjeksa i ei kakeboks eller ei glasskrukke.

TIPS: Dette er også ei perfekt julegåve til dei som har alt!

bilde2

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *