Lær å lage heimelaga sjokolade

Kvifor lage sjokolade sjølv?

Omtrent alle elskar sjokolade, men kvifor lage sjokolade sjølv i staden for å kjøpe ferdig sjokolade på butikken?

IMG_20150930_220437


Ynskjer du å leve litt sunnare samtidig nyte sjokolade med godt samvit?
Då er dette noko for deg! Sjokolade laga frå botnen av passar for heile familien til både liten og stor. Anten nokon i familien har diabetes, er lavkarboentusiast, ynskjer å redusere sukkerforbruket, er veganar eller er allergikar som slit med å finne sjokolade som er fri for soya, nøtter, mjølk og andre allergener.
Heimelaga sjokolade passar og for dei som likar å eksprimentere med ulike smakskombinasjonar. Eg har brukt ingrediensar og søtningsmiddel i frå økosjokolade som er både økologisk og fairtrade.

IMG_20150930_220231

Det du treng til å lage sjokolade sjølv:

– Sjokoladeformer
Økosjokolade kakaomasse
Økosjokolade kakaosmør
Økosjokolade vaniljepulver
– Søtning etter eige ynskje.
Eg likar best ei blanding av yaconsirup og agavesirup
– Smakstilsetning som foreksempel tørka frukt, og bær eller diverse supermat. Eg har brukt gojibær, kakaonibs, og granateplepulver.

IMG_20150930_213107

Korleis blande saman alle ingrediensane? Ein tommelfingelregel er: 2 delar kakaomasse til 1 del kakaosmør. På den måten får ein mest av det gode kakaosmøret utan at det blir problem med å blande det saman. Har du aldri smakt heimelaga sjokolade før kan det vere lurt å forberede seg på at ekte sjokolade har ein kraftigare smak enn butikksjokolade. Her kan ein enkelt justere kor søt ein vil ha sjokoladen med valfri søtning.

IMG_20150930_185724


Eg har brukt basisoppskrifta frå nyaste oppskriftsheftet til Økosjokolade.
I tillegg har eg valt å tilsetje supermat. Lag dine eigne sjokoladehjarter med
3 ts granateplepulver og ei neve gojibær for ein ekstra frisk og god smak.

Eg har også laga basisoppskrifta med kakaonibs!
Tilsett ein neve med kakaonibs og gi sjokoladen ein “crispy” konsistens. Bland inn i den smelta kakaoen eller dryss dei over sjokoladen før du sett den til kjøling for ein crunchy effekt.

Tar du turen innom Sunkost Volda i løpet av helga får du gratis oppskriftshefte og smaksprøver på heimelaga sjokolade!

IMG_20150930_185218


Følg @sunkost.volda på instagram  og snapchat om du vil ha tips og inspirasjon til å velje sunnare matvarer.


IMG_20150930_220121

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *