Moringa til dessert? Ja takk!

Energikuler med Aduna Moringa

Visste du at moringa egnar seg utmerket som dessert?
Med litt eksprimentering på kjøkkenbenken kom eg fram til desse godbitane.

Energikuler med med nøtter, moringa,sjokolade og mynte. Nam!
Oppskrifta er RAW og glutenfri, mjølkefri, eggfri, og er spekka med fiber og sunne feittsyrer. Denne oppskrifta er superenkel å lage og tek lita tid.

framside
Kva med å servere desse godbitane i ditt neste selskap? Denne desserten blir garantert eit samtaleevne. Moringa er godt for både store og små.

IMG_20150922_184835
Oppskrift Moringakuler
ca et 1 brett

Ingrediensar til kulene: 
1 pakke økologiske solsikkefrø
1 pose økologiske paranøtter
10 ss cocosa extra virgin
10 ss fibersirup clear
1 klype med Supernature himalayasalt
2 ss bringebærhonning
2ss Aduna Moringa

Ingrediensar til heimelaga sjokoladetopping:

2 deler supernature kakaomasse
1 del supernature kakaosmør
1 flaske Økosjokolade yaconsirup
litt Stevia peppermyntedråper
+ Ekte blad frå økologisk mynte til pynt
+ Ei korg jordbær til pynt

IMG_20150920_001509

Slik gjer du:

1. Legg solsikkefrøa og paranøttene til bløyt i kvar sitt glass i ca 15 minutt.
Sil av vatnet, og skyll nøttene og frøa reine. Putt halvparten i foodprosessoren. (Putter du alt oppi med ein gong, blir det vanskelig å blande saman resten av ingrediensane.)

2. Varm opp fibersirup clear i mikro til den blir heilt rennande. Vend inn saman med frøblandinga.

3. Varm opp Cocosa. Hell over i blandinga.

4. Strø over ei klype himalayasalt.

5. Søt til med bringebærhonning.

6.Tilsett moringa heilt til slutt, og putt oppi resten av solsikkefrøa og paranøttene.

7. Du skal no ha fått ein litt klissette deig å jobbe med. Trill til kuler i ønska storleik. Eg valte å ha dei ganske små.

8. Når du har fått alle på eit brett sett du dei i frysaren. Dette er mitt supre triks til alt som skal trillast i sjokolade! Då stivnar det raskare og det blir mindre søl på kjøkkenet.

9.  Medan kulene ligg i frysaren lagar du sjokoladetoppinga. Leit fram ei bolle og tilsett kakaosmør og kakaomasse. Smelt det over vannbad til det har blitt heilt rennande, og tilsett yaconsirup, og eventuelt nokre peppermyntedråpar om du vil ha den litt frisk på smak.

10. Rens og vask ei myntebusk til pynt.

11. Ta opp brettet med dei frosne kulene, stikk pinnar i kulene og dypp i sjokoladen. Før sjokoladen stivnar pyntar du med mynteblad.

12. Server med jordbær og nyt.

Vel bekomme!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *