Moringa – Muffins

Kva er moringa?
Moringa Oleifera er eit tre som opprinneleg kjem i frå Himalaya i  Nord India. Treet har fått namnet “Mirakeltreet” også kalla “Livets tre”

IMG_20150920_001059
På grunn av sitt fantastiske næringsinnhald har eg valt å inkludere tørka moringablad frå Aduna i oppskrifta mi. Visste du at moringa er eit av dei mest næringsrike treslaga på jorda? Blada inneheld vitamin A, E, K, B6, B2, kalium, kalsium, fosfor, magnesium, jarn og er ei god kjelde til B1, B3 og sink. Moringa er med andre ord eit natuleg multivitamin! Ikkje rart at dei kallar det mirakeltreet.

IMG_20150920_001313

Feeling Good: Health Benefits

Looking Good: Beauty Benefits

Doing Good: Positive Impact

Aduna moringapulver inneheld også ca 25% protein og er eit flott proteintilskot som egnar seg godt til dei som trenar. Det inneheld også jarn noko som er gunstig til dei som et lite eller ingenting av kjøt. Oppskrifta eg har laga er 100% vegansk!

IMG_20150920_001219
Oppskrift til ca 2 brett Moringa – Muffins

Ingrediensar:
– 3 dl økologiske havregryn
– 7,5 dl sikta spelt

Eg brukar mjøl og havregryn i frå Volda Elektriske Mylne. Dei lagar mjøl på gamlemetoden malt på steinkverner. Du kan kjøpe mjølet og alle ingrediensane hos Sunkost i Volda.

– 3 dl økologisk kokosblomstsukker
– 2 ss økologiske chiafrø
– 2 ts økologisk vaniljepulver
– 1 dl cocosa extra virgin
– 4 ts bakepulver
– 2 ts steviadråpar med vaniljesmak
– 5 ss Aduna moringapulver
– vatn

Slik gjer du:

1. Start med å blande inn alle dei tørre ingrediensane: speltmjøl, kokosblomstsukker, vaniljepulver. Tilsett bakepulver og moringapulver på slutten.

2.Du kan fint bruke ferdig havremjølk om du ynskjer det, men eg laga mi eiga plantebaserte havremjølk med kun 2 enkle ingrediensar: Havregyn og vatn. Fyll opp eit litermål med 3 dl havregryn og tilsett lunka vatn heilt opp til literstreken. Lat stå i ca 10 min til havregryna er mjuke.
Hell glaset over i ein blender, og blend det til du har ein mjølkeaktig konsistens. Bland saman med det tørre.

3. Legg 2 ss med chiafrø til bløyt med ca 1 dl vatn. Lat stå i minst 10 min til det har danna seg ein seig masse. Dette er eit perfekt alternativ til egg i bakst! Bland det saman med resten av ingrediensane.

4. I staden for smør har eg brukt Cocosa extra virgin olje. Det inneheld sunne feittsyrer og smakar veldig godt. Når ein legg cocosa i eit varmebad vil olja bli flytande. Fyll opp 1 dl, og rør inn.

5. Tilsett så bakepulver, moringa og stevia.

6. Røra skal no ha fått ein grøn og fin farge. Hell over i muffinsformer og steik på 180 g i ca 25-45 minutt. Steiketida vil variere ut i frå kva komfyr ein har. Sjå til muffinsane av og til. Muffinsane er ferdige når dei har fått ein gyllen og fin overflate.

7. Topping
Her kan du virkeleg vere kreativ! Bruk fantasien og slå deg laus. Eg har valt å bruke pistajenøtter.

Vel bekomme!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *