Superscones med havre og hamp

Dette er ein ny og spanande vri på scones!
Oppskrifta er heilt utan gluten, gjær og animalske biprodukt.
Scones er eit perfekt alternativ til brød, og passar like godt til frukost og lunsj, eller attåt ein kopp te. I Storbritania har dei ein stolt tradisjon kalla “Afternoon tea” der dei blant anna serverer scones og kaker som tilbehør.

IMG_20150903_230439
 Oppskrifta fekk namnet “Superscones”  pga supermatplanten hamp.
Hamp har eit breit samansett næringsinnhald og er ei fullverdig vegansk proteinkjelde. Hamp inneheld også viktige vitaminar, mineralar og fiber, feittsyrer, og har alle dei essensielle aminosyrene.

IMG_20150903_230805
Hamp blir framleis feilaktig forveksla med marihuana. Plantane kjem i frå same plantefamilie, men har ulikt næringsinnhald.
Les meir om hamp-historia  her

Hamp egnar seg utmerka i mat. Du kan få tak i kverna hamp, også kalla hampprotein eller hampmjøl, avskala hampfrø og kaldpressa hampfrøolje.
Les og lær meir her om helsefordelane til hamp

IMG_20150903_230650 
Det er ikkje utan grunn at den tradisjonelle norske havren har fått bli med i oppskrifta.
Visste du at havre inneheld betaglukan som seinkar kolesterolverdiane i blodet? Havre har også lav glykemisk indeks og er bra for blodsukkeret ditt. Kostfibra bidreg også til at mettheitsfølelsen varer lenger.
(Kilde: http://www.norskhavre.no/Helse-og-ernaering)

IMG_20150903_230543

Oppskrift:
4 dl Glutenfrie havregryn
3 dl Vatn
3 dl Mandelfløte
2 dl Brunt rismjøl
1 dl Supernature Hampmjøl
1 dl Supernature hampfrø
1 dl Maismjøl
1 ts Bakepulver
1 ts Supernature himalayasalt
2 ss Kokossukker

IMG_20150903_230619

Oppskrifta er superlett å lage og tek lita tid.
Start med å sette ovnen på 250 grader.

Ha havregryna i ein bakebolle og hell 3 dl kokt vatn over.
Rør rundt til deigen blir klissette og tilsett mandelfløyten.

Bland inn dei tørre ingrediensane og rør det saman til ein deig. Det er viktig at deigen ikkje vert knadd for mykje.

Trykk deigen ut på eit bakepapir med våte hender.
Form til ein sirkel og riss i åtte delar med ein skarp kniv.
Steikast i ca 15 minutt til deigen har fått ei sprø skorpe.

Kvil på rist.

Her i heimen blei det servert med vegansk majones og chiliost kjøpt på www.facebook.com/sunkost volda. @sunkost.volda

IMG_20150903_212748

Ynskjer du ein søtare variant kan du tilsette hakka nøtter, og tørka frukt som gojibær, tranebær, dadlar osv.

Vel bekomme!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *