Maca Chai latte

Det er 1. november! 
No er det den tida igjen på året at “alle er sjuke” og då vil eg dele eit av mine mest velsmakande tips til korleis du kan styrke immunforsvaret.

Chai latte er som regel ein luksusdrikk du kan bestille på kafè. 
Kva med å lage denne varianten heime som både smakar godt, og gir deg meir energi og velvære? 

// Oppskrift lengre nede på sida //

I mine tidlegare år arbeida eg som kafèansvarleg, og har mista tellinga på kor mange koppar med chai latte eg har laga og servert til både kundar (og ikkje minst til meg sjølv) Då var denne drikken fast på menyen berre at eg piffa den opp med fersk ingefær, chili og macapulver.

Mine kriterier for at ein kopp chai latte skal smake godt er fyrst og fremst at du skaffar deg ekte chai-te  av god kvalitet. 
Eg har brukt Chai-te i frå Solberg & Hansen i 13 år, og svergar fortsatt til den leverandøren (Ingen reklame her, berre fan 4 lyf) 

Du treng:
– 1 teklype med chai-te
– 1 ts med honning
– 1 ts maca
–  kokt vatn
–  Varm mjølk (Eg bruker soyamjølk eller havre)
–  Fersk chili og ingefær
– Eventuelt kanel/sirup til topping

Slik gjer du:

-Start med å lage til teklypa i koppen. 
-Skjer opp ingefær og chili i bitar, og tilsett honning. 
-Hell kokt vatn opp til kanten til tesila.
-Rør så inn macapulveret.

-Varm opp mjølk (obs skal ikkje koke) og steam mjølka med ein mjølkeskummar/ elektrisk visp. 
-Hald igjen skummet med ei skjei, og fyll opp koppen med mjølk.
-Skummet skal vere på toppen. 
-Topp med sirup eller kanel. 

(Her har eg rørt inn macapulvet i det kokte vatnet før et tilsetter mjølk. Eg vil sterkt anbefale MSM NORGE sitt Macapulver

Vil du vite meir om kvifor denne drikken er god for immunforsvaret?

Kjappe helsefakta:
– Svart te inneheld antioksidatar
– Honning har ein antibakteriell effekt.
– Macapulver gir energi og uthaldenheit

Nyt.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *