GRANOLA – kjapt, sunt og godt!

Heimelaga granola er noko av det kjekkaste eg veit å lage! 🙂 
Kva med å droppe ferdigprodukt på butikken next time, og  heller lage sjølv?

Dette er ei oppskrift på ein “basegranola” av alt eg synes er sunt og godt!
Her kan du tilsetje det du ynskjer av tørka frukt og bær osv.
Tips: Vil du ha den søtare tilsett tørka dadler,fiken, mango, rosiner eller gojibær. Vil du ha den meir spicy kan du foreksempel prøve tørka ingefærterninger! Noms.

Du treng:

– 5 dl Havregryn frå Mylnå
– 1 dl Urtekram sesamfrø
– 1 dl Urtekram linfrø
– 2 dl Urtekram gresskarkjerner
– 2 dl Økologisk kokosmasse
– 2 dl Urtekram cashewnøtter
– 2 dl Urtekram valnøtter
– 2 dl Urtekram mandler

Til marinaden:
– 1 ts Urtekram vaniljepulver
– 1 ts Urtekram ceylonkanel
– 1 ts Urtekram kardemomme
– 1 dl Urtekram kokosblomstsukker
– 1/2 ts Supernature Himalayasalt
– 1 dl Cocosa extra virgin

Etter steiking:
– 2 dl Supernature hempfrø
– 2 dl Økologisk chiafrø

Slik gjer du:
Finn fram ein stor bakebalje.
Smelt kokosoljen i varmebad.
Hakk opp nøtter, og bland saman 
alle base-ingrediensane og marinaden.
Fordel på bakepapir og steik i ovnen på 150g i 10-20min.

Når granolaen er kald kan du tilsette
hempfrø og chiafrø, og eventuelt
tørka frukt og bær etter ynskje.  

Akkurat no har Sunkost Volda
opptil 15% rabatt på ei mengde 

økologiske varer i frå Urtekram! 🙂 
Perfekt om du har tenkt til å lage granola! 
TIPS: Vil du lage ein glutenfri variant?
Prøv mi forrige oppskrift med smak av eple og kanel.  
Kampanjen varer frå 1.-22.april 2019.

 

Kvifor Havregryn frå Mylnå? 

Visste du at Volda El. Mylne leverer førsteklasses
produkt til dine bakeverk? Produksjonsmåten
er unik og er tufta på gamle tradisjonar.
Dette skaper eit miljøvennleg og eit økologisk produkt.

Alle bileta er teken oppe på den gamle mølla,
og ingen av bileta er redigerte i det heile teke!
Du kan sjå det kule naturlege lyset, og at bileta har “sjel” 🙂

Platetørka havregryn er produsert av norsk , økologisk havre.
Etter avskaling og steaming
blir havremargen (kjerna) tørka på platetørke
og deretter valsa på gamal enkel valsestol.
Havregryna får då preg av den gode,
gamle ”brentsmaken” som gryna hadde i gamle dagar.

Mylnå er eit levande museeum, og siste
bygdemølle som framleis er i drift i  Noreg.
Ta turen innom Sunkost Volda for
avtale av omvisning, produktveiledning osv.

J.M

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *