Essensen av jul med nellik-appelsinkalendar

Har du lyst til å fylle heimen med ein aroma av jul? 

Kva med å lage nellik-appelsinkalendar? 🙂
Ingrediensane er lette å skaffe, og det tek lita tid.  Dette er ein gamal tradisjon ein kan gjere saman med borna eller med vener på ein juleverkstad i eiga stove. Det seiast at tradisjonen “nellik-appelsin” 
har opphav heilt i frå 1500-talet. 

Dette treng du:
1 appelsin
1 pakke kryddernellik
1 raudt pynteband 

Skal du bruke den som ein julekalendar stikker du 24 nellikspikar i appelsinen i eit valfritt mønster.
Her er det berre å sleppe laus kreativiteten. 
I følge tradisjonen trekker du ut ein spikar kvar dag fram mot juleaftan. 
Du kan og henge opp nellikappelsinen som pynt i vindauget, eller legge fram som pynt på lysfatet.
Uansett kva bruk luktar det fantastisk godt, og gir alle i huset julestemning. 

Visste du at nellik kjem av ordet Nägelein som tyder spikar på tysk?
Det er kanskje ikkje så rart pga utsjånaden til nelliken.
Du får tak i økologisk heil nellik hjå Sunkost Volda.  

 

 

J.M 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *