VEGETAR – Lun og proteinrik sommarsalat!

Er du ute etter ein lett og smakfull salat som kan halde deg mett lenge? Denne lune sommarsalaten har tropiske smakar i frå heile verda, og inneheld mettande protein med sunne feittsyrer og antioksidanter.

Du treng:
– 1 lauk
– 3  stk sjampinjong
– 1 boks kikerter i lake
– 1 boks kidneybeans i lake
– 1 boks ananas med juice
– Grøn salat (velg din favoritt)
– Fetaost
– Cherrytomat
– Navitas hempfrø
– Krydder: himalaysasalt, pepar, oregano, og karri. 


Slik gjer du:
Start med det som skal vere kaldt:
Vask og kutt opp grøn salat og putt oppi i ei skål saman med cherrytomat, og fetaost.

Skyll kikerter og bønner i ei sil. Ta fram steikepanna og surr løk, sjampinjong og alt i panna til det får ein gyllen farge. Tilsett deretter ananas inkludert juicen, og krydder. Det skal få ein fin og flott gyllen gulfarge ifrå karrien. 
Vil du ha salaten ekstra spicy kan du tilsette fersk kvitlauk og chili.

Servering:
Putt den grønne salaten nederst i ei skål, og bland deretter det varme i salaten.
Topp salaten med fetaost og næringsrike hempfrø! 🙂

Kvifor ete meir hempfrø?

Hampfrø er eit proteinrikt frø som er kjent for å ha ei god balanse mellom omega 3, 6 og 9.  Frøa er ei god kilde til protein då det inneheld alle dei essensielle aminosyrene. Hempfrø inneheld også fiber, vitamin E, magnesium og kalium.

Akkurat no får du -10% på Navitas hempfrø hjå Sunkost Volda.

J.M

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *