MYLKSHAKE – med kakao og tahini <3

Det er sommar og sol! Kva passer vel betre enn å nyte ein iskald “mylkshake” med ein nydeleg smak av snickers? 

Mylkshake = Milkshake utan kumjølk.
(Denne oppskrita er vegansk)

Oppskrift:

– 1 til 2 Bananer
(gjerne fryst)

– 2 dl valfri plantemjølk
(Eg brukte heimelaga cashewnøttmjølk. Oppskrift kjem asap!) 

– 2 ss Kakaopulver

– 1 ss Tahini 

– Isbitar
(om du ikkje brukar fryst banan)

Kakaonibs
til topping!

Slik gjer du:
Blend saman alt i ein blender. Tilsett gjerne ekstra isbitar når du serverer drikken. Nyyyt. 

Ikkje gløym å droppe plastsugerør! Kva med å kjøpe eit sugerør i glass? 🙂


Hjå Sunkost volda får du:
1 stk sugerør  79,- 
4 pk + vaskebørste kun 299,-  

Bor du ikkje i Volda? Ta kontakt så sender eg gjerne i posten til deg.

Hjå Sunkost Volda får du no -10% på alt i frå Navitas supermat.
Perfekt til smoothies og mylkshakes!

J.M

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *